Andre pulje med aksjonistar ut i retten

15.09.2017 av Even Olai Østvik Mjaaland

I dei siste vekene av september vil dei siste rettsakene mot aksjonistane som lenka seg mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Dette for å ha kjempa i mot grov miljøkriminalitet.

I 2015 fekk gruveselskapet Nordic Mining løyve til gruvedrift i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane. Med det fekk dei også løyve til å dumpe avfallet frå gruvedrifta, på iver 250 millionar tonn gruveslam, i Førdefjorden like ved. Dette tilsvarer ca eitt lastebillass med giftig avfall i timen i 50 år i ein av dei reinaste fjordane på Vestlandet.

Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord, som i tillegg husar viktige kommersielle og raudlista artar. Mengden avfall i seg sjølv vil vere med på å kvele havbotn som er eit viktig grunnlag til liv i fjorden. Dette har ført til store protestar for å hindre at gruveslam skal øydelegge livet i fjorden. Les meir om dumping av gruveavfall i Førdefjorden her.

I februar 2016 deltok over 100 personar i det som er den lengste sivil ulydnadaksjonen i nyare tid. I tre veker hindra dei Nordic Mining i å utføre prøveboringar i fjellet. Av desse vart opp mot 80 arresterte og bøtelagt. Flesteparten av aksjonistane har vedtatt å ikkje betale bøtene sine, og må derfor møte i retten. Første pulje var i retten 29. november i fjor. I september skal resten av aksjonistane møte i retten. Rettsakene vil pågå frå 21.-29. september. Les meir om aksjonane her.

Aksjonistane har fått bøter på til saman for over 1 million kroner. Dersom du ønsker å støtte aksjonistane kan du bidra ved å gi ein sum til bøtefondet.