Sivilsamfunn aksjonerer for klimarettferd på klimatoppmøtet i Polen. Foto Richard Dixon, Friends of the Earth Scotland
Sivilsamfunn aksjonerer for klimarettferd på klimatoppmøtet i Polen. Foto Richard Dixon, Friends of the Earth Scotland

Utilstrekkelig og urettferdig klimaavtale i Polen

16.12.2018 av Gaute Eiterjord

FNs klimaforhandlinger i Katowice i Polen vart laurdag kveld einige om regelverket for ei global klimaavtale. Natur og Ungdom reagerer på at semja har store manglar når det kjem til korleis ein skal nå klimamåla i Parisavtala, og sikre ei rettferdig byrdefordeling for å løyse klimakrisa.

FNs klimaforhandlinger i Katowice i Polen vart laurdag kveld einige om regelverket for ei global klimaavtale. Natur og Ungdom reagerer på at semja har store manglar når det kjem til korleis ein skal nå klimamåla i Parisavtala, og sikre ei rettferdig byrdefordeling for å løyse klimakrisa. 

Mellom anna ligg temperaturen på jorda an til å stige med over tre gradar med dei innmeldte klimaforpliktingane som kvart land nå har meldt inn.

– Det ein er blitt einige om i Polen er urettferdig og utilstrekkeleg. Det er vanvittig provoserande at sjølv med sjokk-rapport etter sjokk-rapport som viser kor farleg klimakrisa er, så har ikkje landa meldt inn konkrete løfte om kva dei skal gjere for å auke innsatsen. Det nyttar ikkje å sette seg høge mål utan tiltak for å nå dei. Akkurat nå har verda stø kurs mot klimakatastrofe, då treng me ikkje meir snakk men meir handling, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

– Slik den globale klimaavtala er lagt opp er det opp til kvart enkelt land å bestemme kva dei vil gjere. Det betyr at det aller viktigaste Noreg kan gjere nå er å få ned våre eigne utslepp med ein einaste gong og i eit mykje raskare tempo. Regjeringa kan ikkje halde fram med å utsette problemet, det er det ikkje tid til, seier Eiterjord

Som eit av få land i Europa har dei norske utsleppa auka sidan 1990.

Urettferdig klimaavtale
I Katowice har eit av dei vanskelegaste spørsmåla vore klimafinansiering – at rike land bidrar med midlar til utsleppskutt og tilpassing til klimaendringar i det globale sør. Her har få land lova nye, friske pengar for å nå målet om å samle 100 milliardar dollar inann 2020. Regelverket ein er blitt einige om i Katowice opnar for at mykje kan vere lån eller gjenbruk av eksisterande bistandspengar.

– 1,5-gradarsmålet ryk utan klimafinansiering. Akkurat nå driv dei rike landa med fullstendig ansvarsfråskriving, og legg heile byrden på utviklingslanda. Det er grovt urettferdig når det er me som bur i den rike delen av verda som har brukt opp nesten alt me kan sleppe ut av klimagassar. Kva vert det att til dei som har minst frå før? spør Eiterjord

Eit heilt sentralt tema på forhandlingane har vore tap og skade – at utviklingslanda ønsker støtte til å reparere dei skadene som klimaendringane har ført til allereie. Her har ikkje rike land vore villige til å anerkjenne problemet, sjølv om det står i Parisavtala at dette skal på plass.

– Det er hårreisande at rike land, deriblant Noreg, ikkje har vore villige til å anerkjenne at utviklingslanda, som kjenner klimakrisa på kroppen, treng hjelp for å reparere skadene som våre utslepp er skuld i. Me ville ikkje godtatt at nokon brann ned vår heim utan at dei blei heldt ansvarleg. På same måte unnlèt nå rike land og ta sitt historiske ansvar. Noreg har vore ein bremsekloss på dette området på klimaforhandlingane i Polen, og det er pinleg, seier Eiterjord.

For meir informasjon, kontakt
Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom – 46892288 / gautee@nu.no
Matilde Løvvik, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom – 980 08 436 / matildel@nu.no

Både Gaute og Matilde deltok på andre veke av klimaforhandlingane i Polen.