Ny leiing valt i Natur og Ungdom – lovar kamp for fjordane

08.01.2019 av Olav Aga

Gaute Eiterjord frå Stavanger er gjenvalt som leiar i Natur og Ungdom. Han får friske tilskot inn i leiinga.

8. januar valde Natur og Ungdoms 54. landsmøte Gaute Eiterjord (23) frå Stavanger til leiar, Haldis Tjeldflaat Helle (21) frå Oslo til 1. nestleiar og Jørgen Næss Karlsen (21) frå Skedsmokorset som 2. nestleiar.

Den nye leiinga varslar kamp mot gruvedumping i norske fjordar og har høge forventnignar til at ein ny regjering skal stoppe planane om gruvedumping i Repparfjord og Førdefjorden.

  • Det er eit utruleg stort paradoks at Erna Solberg snakkar på innpust om kor farleg det er med plast i havet – samstundes som ho går god for dei største miljøskandalane i nyare tid med gruvedumpinga i Førdefjorden og Repparfjord. Erna må legge gruveplanane i ein djup skuff og kaste nøkkelen, seier Eiterjord
Den nye leiinga. Frå høgre: Jørgen Næss Karlsen, Gaute Eiterjord, Haldis Tjeldflaat Helle. FOTO: Camilla Nordbø – Natur og Ungdom

Landsmøtet vedtok klare krav til regjeringsforhandlingane som nå pågår mellom Høgre, Frp, Venstre og Krf:

  • Våre klare forventningar til forhandlingspartnarane på Granavolden Gjæstgiveri er dei lyttar til ungdommen i Unge Venstre og KrfU: Gruvedumpinga i Førdefjorden og Repparfjord må stansast og det kan ikkje delast ut nokre nye løyve til oljeutvinning som øydelegg klimaet vårt! seier Gaute Eiterjord.
Delegatar frå heile landet har denne veka vore samla i Fredrikstad. Her ved Langhaugen NU: Gustav Hugo Tonning Bøe, Sofia Alexandra Frogoudakis, Maria Christiansen, Eirik Hobæk

Den nye leiinga lover også fortsatt kamp mot meir oljeleiting, og er klare for å ta Klimasøksmålet, der Natur og Ungdom, sammen med Greenpeace har saksøkt staten for å dele ut oljelisenser i Barentshavet, til lagmannsretten.

  • Den norske regjeringa kjenner ingen grenser for oljeboringa, difor treng me klimasøksmålet. Me kan ikkje la staten sleppe unna med oljeboring stikk i strid med vår grunnlovsfesta rett til miljø. Klimaet tåler ikkje meir olje, det er klimaforskarane krystallklare på. Me er klare for å vise dette i lagmannsretten! fortsetter Eiterjord
Å stanse gruvedumping i Førdefjorden og Repparfjord er blant dei viktigaste sakane organisasjonen skal jobbe med framover.

Dei ser også fram til at Arbeidarpartiet ligg an til å gå inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja etter at fleire fylkeslag har snudd i saka i året som gjekk.

  • I år ligg me godt an til å vinne den lange kampen for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Når Nordland Arbeiderparti, som har vore den ivrigaste forkjemparen for olje, gravlegg stridsøksa er det eit tydelig signal. Jonas Gahr Støre, du må lytte til grasrota i ditt eige parti: Det er eit soleklart fleirtal som vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja! avsluttar Eiterjord.

Fleire bilete er å finne på https://flic.kr/s/aHsmyDkSmE
For ytterligere kommentarar, ta kontakt:

Gaute Eiterjord, leiar, tlf: 468 92 288

Haldis Tjeldflaat Helle, 1. nestleiar, tlf: 934 73 213

Jørgen Næss Karlsen, 2. nestleiar, tlf: 971 39 086