Bessakerfjellet vindkraftverk
Utflukt til Bessakerfjellet Vindkraftverk under Natur og Ungdoms sommerleir 2019 FOTO: Alva Førsund/ Natur og Ungdom

Nasjonal ramme for vindkraft – Høringssvar

02.10.2019 av Jørgen Næss Karlsen

Verden trenger mer fornybar energi, men ikke til enhver pris, skriver Natur og Ungdom i sitt høringssvar til nasjonal ramme for vindkraft

Natur og Ungdom sendte 1. oktober 2019 til Olje- og Energidepartementet våre høringsinnspill til NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Innspillene kan du lese under:

Natur og Ungdoms innspel til nasjonal ramme for vindkraft

Natur og Ungdom meiner at for å løyse klimakrisa trengst det meir fornybar energi, deriblant vindkraft. Samstundes er det viktig å stille krav til kor den skal byggast ut. Mykje verdifull natur er under press frå vindkraftutbygging idag, og styresmaktene må velje bort dei prosjekta med for store og irreversible konsekvensar. Den nasjonale ramma kan bli eit viktig verktøy, men har forbetringspotensiale. Det er fleire omsyn ein må tenke på, og dagens konsesjonsprosessar må forbetrast. 

Klimakrisa og naturkrisa må løysast i samanheng
Det blir stadig mindre naturmangfald og inngrepsfri natur i Norge, og kvar femte art står i fare for å bli utrydda. Den største grunnen til dette er nedbygging av natur som veger og energianlegg. Eit anna trugsmål mot naturen, som kjem til å bli stadig større framover, er klimakrisa. Natur og Ungdom meiner at ein er nødt til å løyse begge problema med tap av verdifull natur og klimakrise, ikkje kvar for seg, for ein klarer ikkje det eine utan det andre.

Behovet for ny straum
For å klare å halde oppvarminga av kloden til maksimalt 1,5 grad må me på kort tid fase ut all fossil energi, og få eit heilt fornybart energisystem. Då trengst det meir fornybar straum i Noreg, og kor mykje avheng av den totale energibruken vår. Statnett har anslått at det trengst 30-50 Terrawattimar (TWh) meir straum for å gjennomføre omfattande elektrifisering av Noreg. Men dersom ein stansar veksten i trafikken og fasar ut olje- og gassutvinning vil energibehovet bli mindre. Imidlertid er det klart at det trengst meir straum for at Noreg skal bli heilektrisk og fornybart, og eit overskot av straum vil også kunne medverke til utsleppskutt i dei landa me utvekslar straum med.

Vindkraft er ein del av fleire verktøy me må bruke
For å få meir fornybar energi i Noreg er det fleire ting me må satse på. Me må oppgradere eksisterande vasskraftverk der det er mogleg å gjere dette utan nye naturinngrep, satse på energisparing og -effektivisering, bygge solkraft, geotermisk energi, bølgekraft og vindkraft både på land og til havs. Ein kombinasjon av alt dette er nødvendig. Imidlertid må me erkjenne at vindkraft på land i dag er lønsamt og kan realiserast i stor skala. Klimakrisa krev løysingar som kan takast i bruk i dag – ikkje ein gong i framtida.

Mogleigheitane for vindkraft i Norge
I dag utgjør vindkraft berre 2,6 % av Norges elektrisitetsproduksjon, men me har eit enormt naturgitt potensiale for høgare produksjon fra vindkraft på land i tillegg til vasskraft. Men meir vindkraft kan me spare på vasskrafta når det blæs, og produsere meir vasskraft når det er vindstille.   

Vindkraft til havs inneber også spennande moglegheiter for Noreg, som eit land med lang kystlinje og eksisterande kunnskap om offshore-industri. Likevel vil også havvind vil kunne innebere naturinngrep og konfliktar med til dømes fiskeri. I likskap med vindkraft på land må også vindkraft på havs vurderast prosjekt for prosjekt og ein må skåne område med viktige naturverdiar eller andre fornybare næringar.

Ein auka produksjon av fornybar straum i Noreg vil også kunne bidra til å fase ut fossil energi i Europa. I Europa blir det nå bygd ut mykje vindkraft, men i dag er mange land avhengige av kolkraft for å ha straum når det er vindstille. Eksport av norsk vasskraft kan begrense behovet for kolkraft, fordi den kan produseres når den trengs. På same måte gir kraftutveksling med naboland oss moglegheit for å få straum tilbake når land i Europa har stor produksjon av sol- eller vindkraft.

Behovet for ein nasjonal ramme for vindkraft
Dagens prosessar for bygging av vindkraft manglar ein god overordna strategi. Derfor er me i Natur og Ungdom glade for at det nå kjem ei nasjonal ramme for vindkraft. Arealendringar er som kjent det største trugsmålet mot naturmangfaldet i verda, og da må me ha ei god oversikt over kor natur blir bygd ned. Sjølv om NVE sitt føreslag til nasjonal ramme har sine manglar, meiner me at arbeidet med nasjonal ramme må fortsette og forbetrast. . 

Viktige omsyn som må takast i konsesjonsprosessane
I vurderinga av kva område som skal vere definert som godt eigna for vindkraft på land må ein legge vekt på konsekvensen vindkraftverk har for utrydningstruga artar og naturtypar, reindrift og samisk næringsutøving og nærleik til nett. Friluftsliv, estetikk og støy er ikkje like viktige omsyn i vurderinga. Til grunn for alle prosjekt må det ligge gode utgreiingar og kartleggingar av naturmangfald. Her har dagens konsesjonsprosessar eit betydeleg forbetringspotensiale. Dersom dei negative konsekvensane av eit prosjekt blir for store må prosjektet reduserast eller skrinleggast heilt.

På bakgrunn av slike vurderingar har Natur og Ungdom til dømes gått mot vindparken på Storheia på Fosen, Innvordfjellet i Flatanger og Davvi på Laksefjordvidda mellom Tana og Lebesby. Samstundes har me gått for til dømes Ånstadblåheia vindpark i Vesterålen, Midtfjellet vindpark på Stord og Høg-Jæren vindpark. Me vil fasthalde at meir fornybar energi er nødvendig – både for å fylle Norges energibehov og for å bidra i Europas grønne skifte. Samstundes løyser me ikkje klimakrisa ved å øydelegge verdifull natur.

Desse avveggingane gjer at Natur og Ungdom tar stilling til kvart vindkraftprosjekt kvar for seg, og engasjerer seg først når me har fått behandla prosjektet grundig. 

Innspel til den nasjonale ramma

  • Vindkraftverk må ikkje føre til nedbygging av myr. Viss det likevel er tilfelle må utslepp av karbon frå myra takast med i eit klimarekneskap 
  • Vindkraftverk må ikkje gå på kostnad av tradisjonell samisk næringsutøving
  • Areala til utbygging og drift av vindkraftverk må stå i nasjonale og regionale arealrekneskap
  • Kartlegginga av naturen må styrkast. Det må stillast krav om meir feltarbeid kor ein faktisk kan få dokumentert naturen i området. Kartlegging av effektar på flaggermus, insekt og fugl må styrkast 
  • Dagens konsesjonsprosessar må forbetrast. Omsynet til naturtypar og naturmangfald må vege tyngre. Både planlagte og utbygde vindkraftanlegg må etterkartleggast
  • Verdien av økosystemtenester i områda må utgreiast og inkluderast i konsekvensutgreiingane
  • Inngrepsfrie naturområder (INON) må gjeninnførast som eit forvaltningsverktøy, og vege tyngre. Spesielt omsyn til villmarksprega natur må vege tungt
  • Alle naturinngrep må haldast til eit minimum, og alt av planområdet i natur må restaurerast så godt det lar seg gjere tilbake til opphavleg tilstand