Vindkraft – ein del av klimaløysinga, men ikkje for einkvar pris

12.06.2019 av Gaute Eiterjord

Uttalelse vedtatt i Natur og Ungdoms sentralstyre 6. juni 2019.

Natur og Ungdom meiner at for å løyse klimakrisa trengst det meir fornybar energi, deriblant vindkraft. Samstundes er det viktig å stille krav til kor den skal byggast ut. Mykje verdifull natur er under press frå vindkraftutbygging idag, og styresmaktene må velje bort dei prosjekta med for store og irreversible konsekvensar.

Det blir stadig mindre naturmangfald og inngrepsfri natur i Norge, og kvar femte art står i fare for å bli utrydda. Den største grunnen til dette er nedbygging av natur som veger og energianlegg. Eit anna trugsmål mot naturen, som kjem til å bli stadig større framover, er klimakrisa. Natur og Ungdom meiner at ein er nødt til å løyse begge problema med tap av verdifull natur og klimakrise, ikkje kvar for seg, for ein klarer ikkje det eine utan det andre.

Treng Norge meir straum?
For å klare å halde oppvarminga av kloden til maksimalt 1,5 grad må me på kort tid fase ut all fossil energi, og få eit heilt fornybart energisystem. Då trengst det meir fornybar straum i Noreg, og kor mykje avheng av den totale energibruken vår. Statnett har anslått at det trengst 30-50 Terrawattimar (TWh) meir straumproduksjon for å erstatte dagens fossile energibruk, noko som kan halvere dei norske utsleppa. Men dersom ein stansar veksten i trafikken og fasar ut olje- og gassutvinning vil energibehovet bli mindre. Imidlertid er det klart at det trengst meir straum for at Noreg skal bli heilektrisk og fornybart, og eit overskot av straum vil også kunne medverke til utsleppskutt i dei landa me utvekslar straum med.

For å få meir fornybar energi i Noreg er det fleire ting me må satse på. Me må oppgradere eksisterande vasskraftverk der det er mogleg å gjere dette utan nye naturinngrep, energisparing og -effektivisering, solkraft, geotermisk energi, bølgekraft og vindkraft både på land og til havs. Ein kombinasjon av alt dette er nødvendig. Imidlertid må me erkjenne at vindkraft på land i dag er lønsamt og kan realiserast i stor skala, og klimakrisa krev løysingar som kan takast i bruk i dag – ikkje ein gong i framtida.

Mogleigheitane for vindkraft i Norge
I dag utgjør vindkraft berre 2,6 % av Norges elektrisitetsproduksjon, men me har eit enormt naturgitt potensiale for høgare produksjon fra vindkraft på land i tillegg til vasskraft. Men meir vindkraft kan me spare på vasskrafta når det blæs, og produsere meir vasskraft når det er vindstille.   

Vindkraft til havs inneber også spennande moglegheiter for Noreg, som eit land med lang kystlinje og eksisterande kunnskap om offshore-industri. Likevel vil også havvind vil kunne innebere naturinngrep og konfliktar med til dømes fiskeri. I likskap med vindkraft på land må også vindkraft på havs vurderast prosjekt for prosjekt og ein må skåne område med viktige naturverdiar eller andre fornybare næringar.

Ein auka produksjon av fornybar straum i Noreg vil også kunne bidra til å fase ut fossil energi i Europa. I Europa blir det nå bygd ut mykje vindkraft, men i dag er mange land avhengige av kolkraft for å ha straum når det er vindstille. Eksport av norsk vasskraft kan begrense behovet for kolkraft, fordi den kan produseres når den trengs. På same måte gir kraftutveksling med naboland oss moglegheit for å få straum tilbake når land i Europa har stor produksjon av sol- eller vindkraft.

For tida behandlar regjeringa ei nasjonal ramme for vindkraft som skal peike ut dei mest eigna områda for vindkraft, og mens denne er under behandling har NVE sett alle nye konsesjonssøknadar på vent. Med tanke på den vindkraftutbygginga som no er i gang meiner Natur og Ungdom ein slik konsesjonspause er fornuftig.

Me tar ikkje eit prinsipielt standpunkt for eller mot vindkraft på land
Natur og Ungdom meiner at kvart vindkraftverk må vurderast kvar for seg, og i vurderinga må ein legge vekt på konsekvensen prosjektet har for utrydningstruga artar og naturtypar, reindrift og samisk næringsutøving og nærleik til nett. Friluftsliv, estetikk og støy er ikkje like viktige omsyn i vurderinga. Til grunn for alle prosjekt må det ligge gode utgreiingar og kartleggingar av naturmangfald, og her har dagens konsesjonsprosessar eit betydeleg forbetringspotensiale. Dersom dei negative konsekvensane av eit prosjekt blir for store må prosjektet reduserast eller skrinleggast heilt.

På bakgrunn av slike vurderingar har Natur og Ungdom til dømes gått mot vindparken på Storheia på Fosen, Innvordfjellet i Flatanger og Davvi på Laksefjordvidda mellom Tana og Lebesby. Samstundes har me gått for til dømes Ånstadblåheia vindpark i Vesterålen, Midtfjellet vindpark på Stord og Høg-Jæren vindpark. Me vil fasthalde at meir fornybar energi er nødvendig – både for å fylle Norges energibehov og for å bidra i Europas grønne skifte. Samstundes løyser me ikkje klimakrisa ved å øydelegge verdifull natur.

Denne vanskelege avveginga gjer at Natur og Ungdom vil fortsette å behandle vindkraftprosjekt kvar for seg, og engasjere oss viss me har behandla prosjektet grundig.