Illustrasjon av Gismarvik vindpark. Illustrasjon: Solvind

Gismarvik vindpark er eit godt døme på korleis ein bør bygge vindkraft

01.10.2019 av Gaute Eiterjord

Å bygge vindkraft i eit allereie etablert industriområde gir nødvendig fornybar energi med minimalt med naturinngrep.

Innlegg på trykk i Haugesunds Avis 1. oktober 2019:

Verda står i dag overfor ei alvorleg klimakrisa, og med mindre me klarer å kutte utsleppa av klimagassar vil uerstatteleg natur gå tapt og hundrevis av millionar av menneske miste hus og heim på grunn av ekstremvær. Det hastar med tiltak. Vårt forbruk av fossil energi er den viktigaste årsaka til klimakrisa me har i dag. Utfasing av fossil energi er det viktigaste svaret politikarar kan gi alle ungdommane som har streika skulen for klimaet dette året.

I Noreg er halvparten av energibruken vår fossil energi. For å elektrifisere heile Noreg vil me trenge meir straum enn me har i dag, mellom anna har Statnett anslått at å elektrifisere heile dagens energiforbruk på fastlands-Noreg vil kreve ein auke i straumforbruket på 30-50 nye terawattimar (TWh). Den straumen må me skaffe gjennom energieffektivisering og produksjon av ny fornybar energi.

I denne konteksten representerer den planlagte vindparken på Gismarvik eit godt døme på korleis me skal skaffe den fornybare energien. Selskapet Solvind har fått konsesjon til å sette opp tre vindturbinar i den planlagte næringsparken på Gismarvik, som vil ha ein estimert årleg produksjon på 42 GWh. Det tilsvarer det forbruket til over 2000 einebustader.

Samanlikna med andre vindkraftverk har Gismarvik vindpark minimalt med naturinngrep. På Gismarvik er området vindturbinane skal ligge i regulert som næringspark, og allereie er store delar av området bygd ut. Det betyr at ein kan bruke eksisterande infrastruktur, og krev minimalt med utbygging av nye vegar og straumnett. Dette er ein fornuftig måte å tenke utbygging av vindkraft på, då ein på denne måten legg energiproduksjonen til område som allereie er påverka av menneske, og som ikkje råkar urørt natur.

At vindturbinane blir 200 meter høge har vakt reaksjonar, men med større høgd kan ein ha færre turbinar som produserer meir.  I den opphavlege konsesjonen til vindparken var planen å ha fem turbinar på 130 meter, men i dei siste planane nå kan ein få 10 % meir straum med to færre turbinar. Det er vurdert til å dempe risikoen for kollisjon med fuglar, og er positivt. Det blir meir synleg for oss, men det er ikkje det me bør legge mest vekt på her når me veit at me treng fornybar energi – den må me tole å sjå.

Politikarane i Tysvær har det siste året blitt kritiske til Gismarvik vindpark, men me meiner dei bør ønske etableringa av vindparken velkomen. Den representer ein fornuftig og framtidsretta måte å skaffe meir fornybar energi på, med minimale naturinngrep, og det siste me treng nå er å utsette klimahandlinga. 

Gaute Eiterjord
Leiar i Natur og Ungdom

Wenche Skorge
Styremedlem i Naturvernforbundet