Kveldseminar: Kor skal me med havbruksnæringa?

08.10.2020 av Aksel Bødtker

Norsk lakseeksport har skote fart og mange sett sin lit til næringa som Noregs neste store. Men kva er utfordringene?

Noreg og verda skal kutte kjøtforbruk og klimagassutslepp dei neste åra, og da vart norsk fisk og sjømat løfta opp som alternativet for middagstalerknane. Samstundes som næringa ynskjer å doble produksjonen innan 2030, meiner me at lakseoppdrettare landet over må løyse næringas miljøutfordringar før dei øke produksjon. Skal me bygge sjømatnæringa opp som ein velferdsgarantist før framtida må ho vera berekraftig først.

Kveldseminaret har som mål å diskutere ståa i norsk sjømatnæring, moglegheitene me står ovanfor og dei miljøutfordringane som må løysast før me kjem dit. Du kan gle deg til føredrag om havbruk ifrå dei mest kompetente me har. Etter føredraga kjem me med ein panelsamtale med representantar frå regjering, opposisjon, forskarar og næring… – og så toppast det heile med ein smakfull middag frå havet;)

ONSDAG KL. 18:00

MELD DEG PÅ

PROGRAM

18:00 Velkommen m. praktisk info
18:10 Miljøproblematikk frå havbruk – Geir Lasse Taranger, Havforskningsinstituttet
19:00 Utvikling og innovasjon – Øyvind Fylling-Jensen, Nofima
19:40 Mat
20:00 Panelsamtale – Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen, NU-leiar Therese Hugstmyr Woie, SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes, kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge Kristin Langeland, Geir Lasse Taranger, Øyvind Fylling-Jensen

Førebels stadfesta føredragshaldarar og paneldeltakarar til seminaret er:

  • Odd Emil Ingebrigtsen, fiskeriminister
  • Therese Hugstmyr Woie, leiar i NU
  • Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV
  • Kristin Langeland, kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge
  • Øyvind Fylling-Jensen, Adm. direktør i Nofima
  • Geir Lasse Taranger, Havforskningsinstituttet
MELD DEG PÅ

Relevante nyheter


  • – Ivareta fisken, fiskerne og felleskapet

    En ny kommisjon skal vurdere trålernes plikter til kysten. Natur og Ungdom mener det haster å få slutt på trålselskapenes ran av fiskeriressursene. De som ikke følger reglene, må gi kvotene tilbake til kystsamfunn og unge som vil starte med fiske.


  • – Drittlei av hensynsløse oljetildelinger

    Etter et år der over 50 000 ungdommer har streiket skolen gang på gang med krav om ingen nye oljelisenser, starter regjeringen klimaåret 2020 med å dele ut 69 oljelisenser der 13 er i det sårbare Barentshavet.


  • – Haster med strengere krav til trålerne

    Natur og Ungdom møtte i dag Stortingets næringskomite med bacalao og banner før behandlingen av sjømatmeldingen. - Det haster med strengere krav til trålerne sa Ingrid Skjoldvær, leder i Natur og Ungdom.


  • – Våkn opp fra tornerosesøvnen, Aspaker!

    I dag inntok Kystaksjonen hovedstaden for å kreve at fiskeriressursene tilhører felleskapet og sikring av framtidig kystfiske. Natur og Ungdom var blant appellantene.