Folkemøte mot sjødeponi i Vevring

07.02.2014 av Natur og Ungdom

Natur og Ungdom vitja fredag Folkemøte mot sjødeponi i Vevring i Sogn og Fjordane med stortingsrepresentantane Ola Elvestuen og Sveinung Rotevatn frå Venstre. - Å tillate sjødeponi er å gå baklengs inn i framtida, sa NU-leiar Arnstein Vestre i sin appell.

Fredag blei det arrangert Folkemøte mot sjødeponi på kaia i Vevring i Sogn og Fjordane. Heile bygda var samla saman med stortingsrepresentantane for å vise sin motstand mot dumping av gruveavfall i den nasjonale laksefjorden Førdefjorden.

– Førdefjorden er ein av dei reinaste fjordane langs kysten, og heim til verdifulle artar og økosystem. Å dumpe gruveavfall fjorden er å forsøple ei av dei mest verdifulle fjordane langs kysten, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom

Sjødeponi er tillate i berre fire land i verda, blant dei Noreg. I dei andre landa går debatten om korleis ein kan slutte å nytte deponi av gruveavfall i sjøen. I Noreg er det på tale å opprette to nye, i Førdefjorden og i Repparfjord i Finnmark.

Bruk av sjødeponi er å gå baklengs inn i framtida. Resten av verda planlegger for tida etter sjødeponi, Noreg vil opne fleire. Framtidas gruveindustri fri for sjødeponi, det må også norske politikarar forstå, seier Vestre.

Regjeringa Solberg handsamar no søknadane frå dei to gruveprosjekta. Dei ligg no i Klima- og moderniseringsdepartementet.

Kunnskapen tilseier eit nei til sjødeponi både i Førdefjorden og Repparfjord. Desse sakene skal avgjørast i året som kommer. Erna og Jan Tore Sanner må seie nei til sjødeponi i norske fjordar, seier Vestre