Nye idear og betre løysingar?

27.03.2014 av Natur og Ungdom

Er det nye idear og betre løysingar å skape irreversible øydeleggingar for naturen, fisket og reindrifta i Repparfjord? Det spør sentralstyremedlem Gaute Eiterjord i Klassekampen i dag.

Innlegget stod på trykk i Klassekampen 27. mars 2014

Torsdag 20. mars ga Kommunal- og Moderniseringsminister klarsignal til gruvelskapet Nussir om å dumpe tilsvarande 17 lastebillass med koparhaldig gruveavfall kvar time i tjue år i Repparfjord i Finnmark. Mens fleire norske fjordar slit med forureining etter gammal industri har Sanner nå gitt løyve til at ein av våre nasjonale laksefjordar skal gravleggast i giftig gruveslam.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner godkjente torsdag gruveselskapet Nussir ASA sine planar for koparutvinning frå fjella Nussir og Ulveryggen i Kvalsund kommune i Finnmark. I planane legg selskapet opp til at 30 millionar tonn gruveavgang skal deponerast på 30 meters djup i den nærliggande Repparfjord.

Tonnevis med stein og miljøgifter som kopar, krom og nikkel skal dumpast fjorden. Dei kolossale steinmengdene vil effektivt ta livet av organismar i deponiområdet, og kjemikalia vil utgjere eit svært problem i økosystemet i mange tiår framover.

For kunnskapen er klar, og ein skulle særleg tru at me var komne på betre måtar å handtere avfall på når me har me sett konsekvensane av å bruke fjordar som avfallsplassar. På 70-talet blei det drive koparutvinning med deponi i Repparfjord, og dei siste tiåra har ein opplevd nedgang i bestandane av den truga kysttorsken, kveita, seien og silda.

Eit døme på denne type miljølovbrot frå fortida har ein i Jøssingfjorden i Sokndal, kor Titania Bergverk deponerte gruveavgang frå titaniumdrift på 80-talet. Fiskarar og miljøvernarar aksjonerte mot dumpinga, og då det etter undersøkingar viste seg at dumpinga heldt på å øydelegge fjorden, blei Titania pålagt av Miljøverndepartementet å ha avfallet på land i staden.

Ein skulle tru me hadde lært, og ein skulle tru me ville ta vare på fjordane våre. Er det noko me er stolte av i Noreg, så er det dei. Det ser derimot ut til at Regjeringa sine «nye idear og betre løysingar» går ut på å rakne opp gamle sår. Regjeringa har uttalt at den vil rydde opp i gamle miljøsyndar i fjordar som er forureina. Likevel vil den skape nye miljøproblem, nye livlause fjordar, ved å tillate sjødeponi i Repparfjord.

Noreg er blant knappe fire land i verda som ikkje har forbod mot sjødeponi. Dei andre landa dumpar heller ikkje midt i eit levande økosystem som Repparfjord, og dei held faktisk på å avvikle denne typen avfallshandtering. Store gruvenasjonar som Kina, USA og Australia tillét ikkje sjødeponi, men har funne andre løysingar. Ved å fylle opp fjordane våre med stein og miljøgifter gjer Noreg seg sjølv til ei verdssinke.