Røyst for ein rein Førdefjord
Natur og Ungdom møter motstandere av fjorddumping i Florø. Foto: Natur og Ungdom

Står saman for Førdefjorden

20.08.2015 av Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er denne uka på eit tokt langs Førdefjorden. Onsdag var dei i Florø, kor dei møtte kandidatar frå Venstre, Arbeiderpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne, for å oppeldne til kamp for Førdefjorden.

Sidan avgjerda om Førdefjorden frå regjeringa i vår, har Natur og Ungdom engasjert seg mot planane om å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. I sommar  arrangerte dei protestleir ved fjorden, no reiser dei rundt for å møte folk og politikarar før lokalvalet.

– Kampen er ikkje over, vi treng folk i kommunestyre og på fylkestinget som fortset å kjempe for ein rein fjord og for livet i havet. Vi reiser rundt for å snakke med folk. Bodskapen vår er klar, om ein ynskjer ein rein Førdefjord, må ein røyste for fjorden, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom

I Florø møtte ungdommane representantar frå dei fire partia i Florø med eit standpunkt mot gruveplanane. Fleire har markert seg tidlegare, og kandidatane var òg i dag tydelege i møte med ungdommane.

– Det er for stor usikkerheit knytt til et fjorddeponi og giftene man ynskjer å bruke. I tillegg går prosjektet ut over arbeidsplasser vi allereie har. Vi må kjempe kampen med kunnskap. Det er ikkje haldbart å gamble med fjorden, seier Bente Nilsen, som er 1. Kandidat på lista til Florø SV ved kommunevalet

Kandidatane fekk alle overlevert hageskilt, og ei oppmaning til fortsatt å halde fjordsaka høgt gjennom valkampen og å kjempe kampen etterpå.

– Vi må lytte til det fiskeriorganisasjonane seier. Då må vi leggje føre var-prinsippet til grunn. Det er store muligheiter i havbruk og fiskeri. Forutsetjinga må vere bærekraft. Vi kan auke omsetjinga i havbruksnæringa og fiskeria til 560 milliardar kroner, seier Halvor Halvorsen, 3. kandidat frå Florø Venstre

Politikarane takka for Natur og Ungdoms initiativ. Natur og Ungdom var klåre på at dei oppmoda politikarane til å gjere det dei kunne for å stoppe planane om å dumpe gruveavfall i fjorden

– Årsaka til Noregs suksess og rikdom er vår forvaltning av naturressursane og at dei er eigd av folket. Dei bør forvaltast etter naturens tåleevne og ikkje for å oppnå kortsiktig profitt. Vi har langt større potensial og langt meir kunnskap enn dette. Vi burde skrinlegge prosjektet, seier Martin Malkenes, 1. kandidat frå Florø Miljøpartiet dei Grøne.

Også Arbeidarpartiet møtte ungdommane. I partiet er det delte meiningar om saka, men både Florø og Førde Arbeidarparti har motsett seg planane om å dumpe gruveavfall i fjorden.

– Arbeidarpartiet på nasjonalt nivå er for, men på medlemsmøte i Florø AP var det tydelig at folk lokalt er mot. Vi er usikre på konsekvensane og vi vil derfor leggje føre var-prinsippet til grunn. Vi kan ikkje risikere fiskeria. Florø Ap kommer til å gjere sitt for å overtyde moderpartiet i denne saka, seier Karianne Torvanger, som er 6. kandidat for Florø Arbeidarparti.