Debattanter fra alle partier stilte på Folkefest for Førdefjorden og debatterte framtida til en av de reneste fjordene langs kysten på Natur og Ungdoms sommerleir ved Førdefjorden i 2015. Foto: Amanda Iversen Orlich / Natur og Ungdom

Venstre er nødt til å stå på krava om Førdefjorden og Repparfjord

17.01.2018 av Gaute Eiterjord

Natur og Ungdom og Naturvernforbundet forventar at Venstre får stansa dumpinga av gruveslam i Førdefjorden og Repparfjord.

Til Klassekampen i dag seier Venstres nestleiar Ola Elvestuen at regjeringa ikkje vil trekke tilbake utsleppsløyva til gruveprosjekta ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjord i Finnmark. Her har gruveselskap fått løyve til å dumpe fleire millionar tonn gruveavfall i fjordane. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet reagerer sterkt.

– Venstre er nødt til å stå på krava om ingen dumping i Førdefjorden og Repparfjord. Viss ikkje har dei null truverdigheit som miljøparti. Nå må Venstre vise at dei ikkje har heldt oss for narr, seier Gaute Eiterjord leiar i Natur og Ungdom.

Han viser mellom anna til at leiar i Venstre Trine Skei Grande sa følgande på Natur og Ungdoms sommarleir ved Førdefjorden i 2015: – Dette er en av de viktigste miljøsakene vi har ved siden av klimakampen. Man skal aldri, aldri, aldri gi seg i så viktige saker.

I regjeringserklæringa til Høgre, Frp og Venstre står det at det ikkje skal gjevast nye løyve til dumping av gruveavfall i sjø og at ein skal greie ut eit forbod mot dette.

– Det er på ingen måte greit at ein stansar nye løyve til utslepp utan at dette òg får konsekvensar for desse prosjekta. Dette er dei største forureiningskandalane i nyare tid. Når det heller ikkje er søkt om nokre nye utsleppsløyve nå, blir dette ganske holt og svakt, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg.

Miljøvernorganisasjonane viser til at Havforskingsinstituttet nyleg har gjort funn i Jøssingfjorden som viser at sjølv meir enn 30 år etter dumpinga av gruveavfall stansa i denne fjorden er det knapt liv. Dette står i sterk kontrast til det klima- og miljødepartementet skriv på sine nettsider om erfaringar viser at det vil ta “fem-ti år før ny bunnfauna etableres”

– Ny forskning viser at skadene ved å dumpe millionar av tonn med giftig gruveslam i fjordane våre er endå større enn me har trudd. Her står me i fare for å miste nokre av dei aller rikaste og fiskerike fjordane våre, seier Lundberg.

Både ved Førdefjorden og Repparfjord har regjeringa tidlegare gitt utsleppsløyve, men gruveselskapa har ennå ikkje fått driftskonsesjon. Dette er eit løyve som trengst for å starte gruva. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet meiner dette er ei moglegheit for å stanse dumpinga som Venstre ennå kan nytte seg av:

– Denne kampen er på ingen måte over. Det er framleis mogleg for regjeringa å nekte gruveselskapa driftskonsesjon fram til dei legg fram andre planar kor ingen fjordar skal leggast daude. Denne moglegheita har Venstre og den er dei nødt til å bruke, seier Eiterjord.

Kontaktinformasjon

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom 468 92 288

Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet 913 31 729