
Eit av verdas største finansselskap vil ikkje lenger finansiere gruver som dumpar avfall i sjø
Etter press frå ein internasjonale kampanje mot dumping av gruveslam i sjø annonserer nå Citi group, eit av verdas største finansieringsselskap, at dei ikkje lenger vil direktefinansiere gruver som dumpar avfall i sjø.
Citi group annonserte 2. mai at dei ikkje lenger vil finansiere prosjekt som dumpar gruveavfall i sjø.
I Norge vil Nordic Mining og Nussir dumpe gruveavfall i henholdsvis Førdefjorden og Repparfjorden. Begge oppgjev begge Citi group på sine investorlister.
Dette kjem som respons på press frå den internasjonale kampanja Ditch Ocean Dumping, som vart lansert i mars 2018. Kampanjen fokuserar skarpt på Norge (Førdefjorden og Repparfjorden) og Papua New Guinea, dei to einaste landa i verda som planlegg å utvide praksisen med å dumpe gruveavfall i sjøen. Kampanjen rettar seg mot investorar og Citi group var første mål for kampanjen, sidan dei er inne i prosjekt i både Norge og Papua New Guinea.
Citi group sin raske respons på kampanjen og vilje til å ta inn i sin policy at dei ikkje vil finansiere direkte prosjekt som dumpar i sjø, gjev eit sterkt signal ut til finansverda og eit godt håp om at fleire finansinstitusjonar vil slutte seg til kampanjen og det internasjonale målet om å halde sjøen, vårt felles matfat reint.
Tidlegare har Tines pensjonskasse droppa investeringane sine i Nordic Mining.
Pressemelding frå Earthworks som har koordinert kampanjen ligg her.

Aksjonistar ved Førdefjorden oppmodar investorar i gruveprosjekt som dumpar gruveslam i sjø til å slutte med dette. Foto Natur og Ungdom