Fleirtalet i Sunnfjord sviktar ein sunn fjord

20.11.2019 av Ingebjørg Marie Thorkildsen

12. November røysta Sunnfjord kommunestyre over ei høyringsfråsegn til Nordic Minings søknad om driftsløyve for gruvedrift ved Førdefjorden. Nordic Mining har tidlegare fått løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden. Driftsløyvet er det siste løyvet dei treng. Driftsløyvet skal gjevast av Direktoratet for mineralforvaltning.

Same kveld som kommunestyremøtet fann stad møtte over 400 menneske opp utfor rådhuset i fakkeltog for å markere motstand mot dumpinga og støtte til ein rein fjord. Likevel røysta kommunestyre med 23 mot 22 røyster ja til Nordic Minings planar. Natur og Ungdom er skuffa over fleirtalet i kommunestyret: 

Fleirtalet i Sunnfjord sviktar ein sunn fjord. Det er utruleg skuffande at dei seier ja til Nordic Minings bakstreverske planar om gruvedumping. Det er stor motstand hos folk, reiselivet, sjømatnæringa og laksefisket mot dumping i fjorden og Nordic Minings planar er sterkt frarådd av Havforskningsinstituttet. Det einaste vedtaket som kunne garantert ein rein Førdefjord er eit nei til Nordic Minings planar. Nordic Mining har ingen planar som ikkje inneheld dagbrot eller deponi i fjorden, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom 

Dei som sikra fleirtal på 23 røyster for ei høyringsfråsegn som var positiv til Nordic Minings planar var Senterpartiet, Frp, delar av Høgre, ein frå Krf, ein uavhengig representant og APs Håkon Myrvang. Eit anna framlegg om å seie ja til gruvedrift men nei til dumping fekk 22 røyster frå resten av APs gruppe, Raudt, Venstre, SV, MDG, Anita Kongsvik frå Krf og Paula Lesto og Leif Olstad frå Høgre. 

Representantane frå Krf og Høgre som gjekk mot gruvedumpinga skal ha stor ros, Anita Kongsvik, Paula Lesto og Leif Olstad viste seg som sanne forkjemparar for fjorden og framtida. Fleire burde følgt deira eksempel. Me veit det er mange i Senterpartiet i Sunnfjord som ikkje ønsker dumping i fjorden, men Senterpartiets kommunestyregruppe svikta fjorden i går. At ikkje ein einaste senterpartist braut ut er utruleg skuffande, fortsetter Gaute. 

Høyringsfråsegna til Sunnfjord går nå til Direktoratet for mineralforvaltning. Natur og Ungdom har klare forventningar til direktoratet og meiner kampen for Førdefjorden er langt frå over: 

Sjølv om fleirtalet i kommuenstyret valde å støtte Nordic Minings miljøkriminalitet så bør Direktoratet for mineralforvaltning merke seg at så godt som heile kommunestyret helst vil unngå deponi og støttar krav om full utnytting av restmassar. Minerallova er klar på at når ein skal gi driftsløyve til gruvedrift skal ein sikre berekraftig bruk av ressursane. Å hive hundrevis av millionar tonn med gruveslam i ein levande fjord er så langt unna berekraftig som du får det. Direktoratet må skrinlegge dumpeplanane. Me kjem til å jobbe på vidare for ein rein, avslutter Gaute.

Tags: