5000 i tog for framtidsretta landbruk

20.05.2014 av Natur og Ungdom

Over 5000 møtte opp ved Stortinget for å vise sin støtte til landbrukets krav i jordbruksforhandlingane. Særleg ungdom var godt representert i toget, og gjekk under parolen "Slipp oss til - Ungdom inn i landbruket!"

I dag har bondeorganisasjonar, miljøvernsorganisasjonar, fagrørsla og fleire politiske parti markert avstand til regjeringa sitt tilbod til landbruket ved å gå i tog gjennom Oslo og aksjonert utanfor Stortinget. Over 5000 møtte opp ved Stortinget for å vise sin støtte. Særleg ungdom var godt representert i toget, og Natur og Ungdom var blant dei som gjekk bak ungdomsparolen – «Slipp oss til – ungdommen inn i landbruket» – som var den største i toget.

– Dagens oppmøte av ungdom viser at Statens tilbod ikkje er noko ungdommen er nøgd med. Sentralisering til større bruk vil gjere det vanskelegare å etablere seg for unge som har lyst å drive gard. I tillegg til å sette seg i gjeld vil unge neppe gå inn i ei næring som ikkje er lønsam. Skal me vidareføre norsk landbruk over heile landet er me avhengig av stadig rekruttering blant unge, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom, Ida Lovise Skylstad

Etter det blei brot i forhandlingane mellom Staten og bondeorganisasjonane går nå saka til Stortinget. Det er brei semje på Stortinget om at den norske sjølvforsyningsgraden og matproduksjonen skal aukast. Høgre og FrP har ikkje fleirtal på Stortinget for politikken sin. Natur og Ungdom forventar at Stortinget tar ansvar og sørger for ein bra jordbruksavtale.

– Stortinget må sikre eit miljøvennleg landbruk over heile landet, basert på norske ressursar. På den måten kan me oppretthalde og auke matproduksjonen, og ivareta distriktene og kulturlandskapet. Norsk mat kan ikkje bidra til å øydelegge regnskog i Brasil og Indonesia slik den gjer i dag ved å vere basert på importert soya og palmeolje, fortset Skylstad.

Rundt påsketider slo FNs klimapanel fast at matproduksjonen i verda vil gå ned med 2 % kvart tiår som følge av klimaendringane. Samstundes aukar befolkninga i verda, og dermed blir det fleire munnar som skal mettast.

– Alle land skal ha rett og plikt til å brødfø si eiga befolkning. Klimakrisa gjer arbeidet til bonden særleg viktig. Noreg må ta ansvar og bruke eigne ressursar i matproduksjonen, såleis kan me sikre mat til alle, avsluttar Skylstad.

Kontaktinformasjon:
2. nestleiar i Natur og Ungdom, Ida Lovise Skylstad/45215663