Hest på beite ved Olestølen
Hest på beite ved Olestølen

Grønt Spatak for naturmangfaldet!

26.06.2016 av Gaute Eiterjord

Bli med på til Olestølen i Valdres 26. - 28. august og lær om miljøvennleg matproduksjon og korleis me tar vare på naturmangfaldet gjennom praktisk arbeid i fantastiske omgivnader. Du treng ingen spesielle kunnskapar på førehand, og reise, kost og losji blir dekka.

26.-28. august kan du vere med på dugnad for naturmangfaldet på Olestølen i Valdres. Du får lære om miljøvennleg matproduksjon og korleis me tar vare på naturmangfaldet gjennom praktisk arbeid i fantastiske omgivnader. Du treng ingen spesielle kunnskapar på førehand, og reise, kost og losji blir dekka. Interessert? Send ein e-post til gautee@nu.no

Den norske naturen treng seterdrifta!

Du har sikkert møtt på beitende sauar rundt hytta, eller på fjelltur om sommaren. Tenker du ofte over at bjølleklangen i fjellheimen også er miljøvennleg matproduksjon?  Jordbruk i heile landet gir oss eit variert kulturlandskap, og eit rikt mangfald av ulike artar. Ein fjerdedel av dei utrydningstruga artane i Norge er faktisk heilt avhengig av kulturlandskapet, som jordbruket har skapt gjennom tusenar av år.

Den norske seterdrifta har skapt eit heilt spesielt landskap i fjellet, der menneske og natur er gjensidig avhengig av kvarandre. For bøndene er beite i fjellet nødvendig for å skaffe nok fôr til husdyra. For kulturlandskapet er beitedyra viktig for å halde landskapet ope, så det ikkje gror att. Ettersom det blir mindre beiting og hausting av naturressursane i fjellet, tar den einfaldige krattskogen over. Det er dårleg nytt for dei blomane, insektane og fuglane som er avhengig av eit ope landskap.

Om Olestølen

Olestølen blir drive av Thomas og Kathrin Aslaksby, saman med sonene Brage og Sondre. Kvar sommar har dei 30 mjølkegeiter, 4 mohairgeiter, 5 hestar, 3 grisar og to kattar på stølen. Der ystar dei økologisk geitost av geitemjølka, og inviterer turistar til Open Støl for å lære om den tradisjonelle stølsdrifta. Geitene beitar og vedlikeheld landskapet frå juni til september.

Foreløpig program

 

Fredag 26. august

13.05: Avreise med buss frå Oslo

17.10: Framme på Mørken busstopp, bli henta og dra opp til Olestølen

 

Oppe på stølen

– Mat

– bli kjent

– høre om stølsdrifta

– omvisning

– koke og lage brunost

 

Laurdag 27. august

Frokost kl 8.00 i Sælet

kl 9-12 Jobbing med å fjerne einer.

Deltakarane får høre om kulturlandskapet, og kva slags konsekvensar gjengroing får for artsmangfaldet

12-13 lønsj / duggurd

13-16: Jobbing med å fjerne einer.

16.30: Middag

kl 17 – de som vil kan være med på mjølkinga

Fritt fram – fjelltur/bading m.m.

 

Sundag 28. august

Frokost kl 9.00 i Sælet

kl 10-13 Jobbing med å fjerne einer.

kl 13 – 14 Duggurd

kl 14 – 16.30 Fjelltur/bading/pakking

kl 16.30 Middag

Avslutte med å prate litt om kva me har lært, og vidare arbeid.

Bussen er tilbake i Oslo kl 20.