Grønt Spatak for naturmangfaldet på Olestølen i Valdres. Fra venstre: Kathrin Aslaksby, Thomas Aslaksby, Åshild Litleskare, Einar Helland Berger, Sigrid Lien og Henriette Stoltenberg
Grønt Spatak for naturmangfaldet på Olestølen i Valdres. Fra venstre: Kathrin Aslaksby, Thomas Aslaksby, Åshild Litleskare, Einar Helland Berger, Sigrid Lien og Henriette Stoltenberg

Vellykka Grønt Spatak på Olestølen

02.09.2016 av Gaute Eiterjord

Fem ungdommar frå Natur og Ungdom var helga 26. - 28. samla på Olestølen i Øystre Slidre for å ta eit såkalla Grønt Spatak. Gjennom praktisk arbeid fekk miljøvernarane lære om korleis ein kan hindre attgroing av kulturlandskapet og stanse tap av naturmangfaldet.

– Me som vil ta vare på naturen snakkar mykje om det, men det er viktig å vite kva naturvern i praksis handlar om, seier nestleiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

Han har saman med fire andre ungdommar vore med og rydde einer og krattskog frå gamle beite- og slåttemarker rundt Olestølen. Før i tida var det mange som dreiv støl, hadde husdyr på beite og slo graset. Då stølsdrifta tok ende, byrja landskapet å gro att.

– Stølsdrift er viktig for å ta tilbake det opne landskapet. I Norge er rundt ein fjerdedel av dei utrydningstruga artane truga på grunn av at kulturlandskapet forsvinn og gror att. Me er nødt til å bruke beiteressursane våre til å produsere mat, både for å sikre solidarisk sjølvforsyning og for å ta vare på naturen vår, seier Gaute.

Ungdommane har fått kost og losji hos Thomas og Kathrin Aslaksby, som driv Olestølen med hestar og mjølkegeiter. Gaute fortel at dei er svært nøgd med opphaldet:

– Me har blitt svært godt tatt imot av Thomas og Kathrin, og dei har utruleg mykje å lære bort både om naturen her oppi fjellheimen, men også korleis me menneske kan skaffe oss mat og ressursar på ein berekraftig måte, avsluttar Gaute.

Les meir om Olestølen her og sjekk ut Facebook-sida til Grønt Spatak-prosjektet her for fleire oppdateringar.

Vil du vere med på Grønt Spatak neste år? Meld deg på her!

Rydding av einer. Fra venstre: Gaute Eiterjord, Sigrid Lien og Henriette Stoltenberg

Rydding av einer. Fra venstre: Gaute Eiterjord, Sigrid Lien og Henriette Stoltenberg

Deltakarane lærer om det biologiske mangfaldet i seterlandskapet. Fra venstre Sigrid Lien, Einar Helland Berger, Henriette Stoltenberg og Kathrin Aslaksby

Deltakarane lærer om det biologiske mangfaldet i seterlandskapet. Fra venstre Sigrid Lien, Einar Helland Berger, Henriette Stoltenberg og Kathrin Aslaksby