Nestleiar Gaute Eiterjord og Grønt Spatak-koordinator Silje Strøm på høring på Stortinget. Foto: Skjermdump frå Stortingets nett-TV
Nestleiar Gaute Eiterjord og Grønt Spatak-koordinator Silje Strøm på høring på Stortinget. Foto: Skjermdump frå Stortingets nett-TV

Natur og Ungdoms innspel til jordbruksmeldinga

19.01.2017 av Gaute Eiterjord

I dag var Natur og Ungdom på Stortinget for å gi innspel til behandlinga av jordbruksmeldinga. Her kan du lese innspela våre.

Natur og Ungdoms innspel til stortingsmeldinga om jordbruk

Målet for den norske jordbrukspolitikken
Eit samla Storting har tidlegare stilt seg bak fire overordna mål for den norske jordbrukspolitikken: Mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig jordbruk.I Stortingsmeldinga regjeringa har lagt fram er det føreslått å endre målet til «kostnadseffektiv matproduksjon».

Natur og Ungdom er kritisk til dette. Norge har andre føresetnader enn mange andre land for å produsere mat, bl.a. eit høgare lønsnivå og ein annan topografi enn f.eks. Polen. Å legge til rette for berre den mest kostnadseffektive produksjonen blir feil, når det er mange andre omsyn jordbrukspolitikken må ta for å sikre trygg mat, levande kulturlandskap og at heile landet blir tatt i bruk.

Natur og Ungdom krev:

  • Regjeringas hovudmål om kostnadseffektiv matproduksjon må avvisast.
  • Jordbruksmeldinga bør stå ved dagens mål, men i langt større grad følge dei opp. Det må stimulerast til god bruk av det norske jordbruksarealet, og auka matproduksjon på norske ressursar.
  • Måltalet for reell sjølvforsyning, korrigert etter import av fôr, må oppretthaldast
  • Oppmode til små og mellomstore bruk, ved å differensiere støtta til husdyr ved å gi mest støtte til dei første dyra og mindre til dei påfølgande

Rekruttering og velferdsordningar
I meldinga er det foreslått å kutte støtten til tidligpensjonsordningen, ei velferdsordning som går til bønder mellom 62 og 67 år som vel å slutte. Denne støtteordninga fungerer bra i dag, og viss den forsvinn vil det bli vanskelegere for unge å ta over gard.

Meldingen foreslår også å kutte støtten til avløyserordningen ved ferie og fritid. Dette vil gjere kvardagen til bonden meir pressa. At det er lett å vere avløysar, er også viktig for rekruttering.

I meldinga står det at ein ønsker å styrke rekrutteringa, det vil då vere paradoksalt å kutte i viktige velferdsordningar og gjere det vanskeligere å overta og drive gard. Gode velferdsordninger er viktig for at spirande bønder vet at de velger en sikker og trygg arbeidsplass.

Det er klart at også gode inntektsmoglegheiter har mykje å seie for om unge skal velje jordbruket som leveveg, og bør vere det viktigaste fokuset for å få fleire inn i yrket. Å sikre konsesjonslova er også viktig, Slik at det ikkje berre er lommeboka som avgjer om du kan kjøpe gard, men at dei som overtar også er interessert i å drive garden og dyrke mat.

Natur og Ungdom har saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bygdeungdomslag drive prosjektet Slipp oss til – ungdom inn i landbruket i nesten tjue år, kor me driftar nettsida gardsbruk.no. Her kan folk som eig gardsbruk utan fast busetjing legge ut bruka sine for sal, slik at dei blir tilgjengelege for dei mange som ønsker å kjøpe seg gard. Nettsida har rundt 20 000 besøkande i månaden, og det er stor pågang for å kjøpe seg gard.

Natur og Ungdom krev:

  • Tidlegpensjonsordninga og støtte til avløysar ved ferie og fritid må oppretthaldast
  • Jordbruksmeldinga må legge til rette for gode inntektsmoglegheiter og investeringsordningar for unge i landbruket
  • “Ny bonde”-tilskott: Nye gardbrukarar bør få tilbod om økonomisk oppstartsstøtte
  • Buplikta må oppretthaldast, og arealgrensene for å søke konsesjon må ikkje aukast.

Beite
Beiteressursane i Norge er ein stor kjelde til miljøvennlege fôrressursar. Norsk Institutt for Bioøkonomi har anslått at mengda fôr som husdyra våre i dag haustar i utmarka i teorien kan doblast. Beiting er også viktig for å halde kulturlandskapet i hevd. 24 % av de utrydningstruede artene i Norge er avhengig av kulturlandskapet, ifølge Artsdatabanken.

I landbruksmeldinga er det foreslått å endre ordningen for tilskudd til beite, og blant annet kutte støtten til innmarksbeite. Natur og Ungdom meiner det blir feil å endre systemet så dei som bruker innmarka til beite ikkje får tilskott. Systemet for beitetilskudd bør være så finmaska at det kan fange opp alle de som bruker de norske ressursene til å produser mat. Det bør også vere gode ordningar for andre som driv tradisjonell skjøtsel av kulturlandskap.

Natur og Ungdom krev:

  • Støtte til innmarksbeite må oppretthaldast. Tilskot til utmarksbeite må aukast i forhold til dagens nivå, ikkje gå på kostnad av eksisterande ordningar.
  • Statlege tilskott må omfordelast frå kraftfôr til å styrke beitebaserte næringar
  • Det må vere lett å få støtte til skjøtsel av kulturlandskap og drift i vanskeleg terreng
  • Utvide ordninga med utvalde kulturlandskap til å omfatte 100 område innan 2020

Økologisk
I jordbruksmeldinga er det føreslått å avvikle målet om at 15 % av matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Dette er me også kritisk til. Framtidas jordbruk er nødt til å bruke mindre sprøytemiddel og kunstgjødsel, og økologisk jordbruk er ein viktig spjutspiss for å utvikle måtar å dyrke mat på heile jordbruket kan lære av. Det er ikkje minst også etterspurnad etter økologisk mat i Norge, som i dag ikkje er dekt opp. Det er ei tapt moglegheit for norske bønder, at forbrukarar i Norge som vil velje økologisk, ikkje får moglegheita til å velje norske produkt.

Natur og Ungdom krev:

  • Målet om økologisk produksjon på 15 % i 2020 må oppretthaldast. Dagens mål må følgast opp med tiltak som sikrar større rekruttering av øko-bønder
  • Utdanningsinstitusjonar for økologisk jordbruk må sikrast og styrkast
  • Fleire tiltak for rekruttering til økologisk landbruk, til dømes på måtar som Landbrukets Økoløft

Marknadsordningane
I meldinga føreslår regjeringa å svekke marknadsordningane som i dag finst for svinekjøt, egg, geitemjølk, korn, frukt og potet. Natur og Ungdom er kritisk til dette. Daglegvarehandelen har stor makt over maten i dag, og desse framlegga vil gi daglegvarekjedene endå meir makt, svekke bonden og gi han eller ho ein meir usikker kvardag. Samvirka sikrar i dag at både små og store produsentar over heile landet får nødvendig tryggleik for pris og avsetjing.

Natur og Ungdom krev:

  • Jordbruksmeldinga må halde fram med den samvirkebaserte modellen for marknadsordningane, og ikkje svekker desse

Klima
Klimapolitikken for jordbruket må fokusere på å gjere jordbruket fossilfritt og god agronomi og bruk av jorda. Rapporten Landbruk og Klima frå desember 2015, anslår eit potensiale for 20 % utsleppskutt utan å redusere matproduksjonen. I eit klimaperspektiv der matproduksjon kan bli vanskelegare i framtida, er det viktig å auke sjølvforsyninga – i tillegg til å gjere dei utsleppskutta som er mogleg utan at me dyrkar mindre mat i Norge.

I jordbruksmeldinga er det føreslått at ein skal følge opp rapporten til Grøn Skattekommisjon, der det mellom anna blei føreslått å redusere produksjonsstøtta til og avgiftsbelegge raudt kjøt. Natur og Ungdom meiner dette er eit feilsteg, ettersom ein vil oppmode til mindre produksjon med drøvtyggarar i Norge, som er dei dyra som kan nytte seg av gras- og beiteressursar. Import av bl.a. soya til kraftfôr og intensiv mjølk og kjøtproduksjon, har også ei rekke negative effektar for klimaet ved at område som har vore regnskog eller savanne blir omgjort til soyaplantasjar.

Forbruket av storfekjøt i Norge i dag, er også større enn produksjonen. Dersom forbruket av storfekjøt i Norge forblir det same som idag, men produksjonen går ned, vil resultatet bli karbonlekkasje og at utsleppa uansett kjem ein annan stad. Ifølge forskarar på NMBU kan importert storfekjøt ha dobbelt så store utslepp som norskprodusert storfekjøt. I tillegg vil me ikkje ha kontroll over matproduksjonen, og til dømes bruken av antibiotika som norsk jordbruk har veldig lite av i dag samanlikna med til dømes Tyskland.

Ved riktig hausting av fôr, riktig gjødsling og god dyrevelferd anslår forskarar på NMBU at det dessutan er mogleg å redusere utsleppa frå storfekjøtproduksjon med 20 %. Det same potensialet finst for sau. Jordbrukspolitikken må styrke beitebaserte næringar, og oppmode til meir klimavenleg produksjon.

Natur og Ungdom krev

  • Det må vere gode tilskotsordningar for klimatiltak på garden, til dømes grøfting
  • Bønder må få støtte til investeringar som kan gjere at dei fasar ut fossil energi med fornybart
  • Støtte til gode rådgivningstenester for bønder som vil gjere klimatiltak, til dømes prosjektet «Klimasmart landbruk – nye løsninger»
  • Føreslag om å avgiftsbelegge raudt kjøt eller andre utslepp frå naturlege biologiske prosessar kan føre til karbonlekkasje og meir import av mat, og bør avvisast.
  • Det bør ikkje vere mindre støtte til beitebaserte kjøtproduksjon, ein må heller auke støtten til bruk av beiteareal og redusere importen av råvarer til kraftfôr