Ida og Gaute aksjonerer for jordbruk
Ida og Gaute aksjonerer for jordbruk

Jordbruksforhandlingane: Statens tilbod er urettferdig og lite miljøvennleg

07.05.2018 av Gaute Eiterjord

I dag kom staten med sitt tilbod til bøndene. Natur og Ungdom meiner desse vil svekke det desentraliserte og miljøvenlege jordbruket.

Faglaga til bøndene la i forrige veke fram sitt krav i jordbruksoppgjeret. Her foreslo dei å fordele tilskota til fordel for dei små og mellomstore bruka. Staten har i sitt tilbod lukka seg for bøndene sitt krav, og ønsker å svekke tilskota, som vil gå hardast ut over dei små bruka.
– Det norske kulturlandskapet er heim til eit enormt biologisk mangfald. Eit aktivt jordbruk over heile landet er utrolig viktig for å ta vare på dette mangfaldet, men dette krever tiltak som gjer dei små og spreidte bruka lønnsame, seier Vilde Gjerde Lied, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.
– Tilskota i jordbruket er allereie skeivt fordelt, der dei store bruka får storparten av subsidiane. Når dei små bruka blir lagt ned, skadar det det lokale naturmangfoldet, og den norske matproduksjonen vert mindre miljøvenleg, seier Lied.
Staten har heller ikkje møtt bøndene sitt krav om driftvansketilskot eller setertilskot. 
– Dette er viktige tilskot som kan sikre ein produksjon over heile landet. Det erer avgjerande for den norske sjølvforsyningsgrada at vi har eit levande jordbruk over heile landet, også i karrige strøk der det er vanskelegare å drive jorda, avsluttar Lied.
Her kan du lese Natur og Ungdoms viktigaste krav til jordbruksforhandlingane.