Solidaritetsmarsj i Marrakech. Foto: Friends of the Earth International
Solidaritetsmarsj i Marrakech. Foto: Friends of the Earth International

Kva skjer på klimaforhandlingane i Marrakech?

14.11.2016 av Gaute Eiterjord

Den første veka med klimaforhandlingar i Marrakech er over. Kva har skjedd så langt, og kva er vegen vidare? Natur og Ungdom er til stades og rapporterer.

Ingrid Skjoldvær og Gaute Eiterjord er til stades på klimaforhandlingane i Marrakech. Følg med på Facebook-sida til Natur og Ungdom for oppdateringar.

7.-18. november pågår det klimaforhandlingar i Marrakech. Etter verda i fjor blei einige om ein klimaavtale i Paris, er dette møtet der ein skal finne ut korleis ein skal nå måla som blei sett der. Land forhandlar også om korleis dei som blir ramma av klimaendringar i dag, skal bli kompensert for skadene som rike land som historisk har skapt klimaproblemet har påført dei.

Den første veka med forhandlingar er nå over, og det har ikkje vore mykje framgang. «Den første veka på klimaforhandlingane viste dei rike landa at dei ikkje overheld løfta dei kom med i Paris,» uttalte Meena Raman i Friends of the Earth Malaysia og Third World Network i ei pressemelding. «Rike land anerkjenner ikkje behovet for finansiering av klimatilpasning og -tiltak,» slo ho fast.

Asad Rehman i Friends of the Earth International, la vekt på at det trengst større ambisjonar for utsleppskutt før 2020: «Det er heilt kritisk å trappe opp utsleppsreduksjonane for 2020, særleg for rike land. Dei låge forpliktingane dei kom med i Paris-avtala vil føre til ein klode som blir 3,5 gradar varmare, ei dødsfelle for bl.a. Afrika og øystatar.» Han peikte også på at det er eit stort gap mellom kor mykje pengar som har blitt forplikta til klimatiltak i utviklingsland.

Sundag 13. november gjekk marrokanarar og folk frå heile verda i tog for å markere solidaritet med dei som allereie blir ramma av klimaendringane, eller kjempar mot fossil energi.

I Norge har Klassekampen avdekka at norske politikarar på lang veg har gitt opp klimamåla for 2020, som eit samla Storting blei einige om i klimaforliket,  og nå fokuserer meir på kor mykje me skal kutte innan 2030. Det er eit stort løftebrot, ettersom Erna Solberg og regjeringa gjentatte gonger har sagt dei skulle styrke klimaforliket.

Nabolanda våre Sverige og Danmark, og alle andre land i Europa unntatt Bulgaria har klart å redusere utsleppa sine sidan 1990. At Norge sluntrar unna klimadugnaden tar seg utruleg dårleg ut, når me har så mykje ressursar til å gjere klimatiltak.

Denne andre og siste veka kjem ministrar og verdsleiarar for å fortsette forhandlingane, og bl.a. markere det første møtet under Paris-avtala. Du kan følgje med på oppdateringar på facebook-sida til Natur og Ungdom, Friends of the Earth International eller Twitter-kontoen til Natur og Ungdom.