Vern Songlia og Grytdalen no!

11.01.2012 av Even Olai Østvik Mjaaland

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 5.-8. januar 2012, krev at det innførast vern av områda Songlia og Grytdalen i Orkdal og Snillfjord kommunar.

Grytdalen naturreservat og Songlieigedomen blir i dag forvalta og eigd av Statsbygg, men dei er no pålagt å avvikle eigarforhaldet, og eigedomen vil bli lagt ut for salg. Grytdalen og Songlia er område med stor naturverdi, og eit eventuelt salg vil gjera området mindre tilgjengeleg for allmenheita, og vil føre til utvida jakt. Dette skaper bekymring i lokalbefolkinga.

Det har vore forslag om å nytte Grytdalen til jaktområde. Det er vi sterkt imot. Det har ikkje vore dreve jakt i Grytdalen på over 50 år, noko som gjer at området er tilnærma urørt av menneske. Statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen, har foreslått å nytte området som nasjonalt referansepunkt for naturmangfald. Dette slutter vi oss til.

Noreg har ingen slike referansepunkt frå før, men Sverige har fleire. Dette er område med strengt vern, der det drivast forsking på korleis naturen utvikler seg med minimal menneskeleg påverknad. Dette tykkjer Natur og Ungdom er ein særs god idé, for å styrke arbeidet med å begrense tapet av naturmangfald.

Orkdal NU og Sør-Trøndelag NU har saman med Orkdal kommune, Snillfjord kommune, Naturvernforbundet, Grytdalens venner og Norsk Ornitologisk Forening sendt eit brev til statsråd Rigmor Aaserud i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, der vi ber om at Grytdalen og Songlia forblir i statleg eige. I tillegg til dette vil Natur og Ungdom ha full freding av Grytdalsområdet, og vi oppfordrer til at området brukast til forsking på naturmangfald.

Det store tapet av naturmangfald går no fortare enn nokon gong før, og det er ei av dei største miljøutfordringane vi har. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på sine naturverdiar, og skal vi klare å stoppe tapet av naturmangfald, må vi ta grep. Natur og Ungdom krev at Songlia og Grytdalen blir verna no!