Unge aktivistar møter SP-leiar

07.04.2013 av Ida Lovise Skylstad

Laurdag 6. april var representantar frå Natur og Ungdom til stades utanfor Senterpartiet sitt landsmøte. Der fekk politikarane møte aksjonistar med banner mot oljeboring, og Liv Signe Navarsete mottok gåver og kort ifrå fylkesleiarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med ein klar beskjed om at Senterpartiet må gå i mot forslaget om å opne for oljeboring i Lofoten.

– Saka om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er kanskje den viktigaste miljøsaka i moderne norsk historie. Den er avgjerande for om Noreg skal nå klimamåla sine, og om Noreg skal fortsette å framstå som eit føregangsland innan klimapolitikken, seier Torgeir Vestre, fylkesleiar i Møre og Romsdal Natur og Ungdom.

Stortingsvalet i 2013 vil vere eit val som er avgjerande for Noregs olje- og miljøpolitikk. Ein vil måtte ta avgjerda om ein skal fortsette med å utvide områdane kor man driv med oljeverksemd, eller om ein skal seie nei til vidare vekst i oljenæringa til fordel for ny, fornybar teknologi. Her er saka om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja heilt sentral. Natur og Ungdom utfordra Liv Signe Navarsete på om SP skal gjere valet i 2013 til eit miljøval. Senterpartiets leiar stilte seg positiv til innspelet.

– Om Noreg skal nå sine klimamål krev det faktiske tiltak. Men for å få til faktiske tiltak, treng man at miljøsakar kjem på dagsorden i valkampen. På landsmøtet sitt er det difor viktig at Senterpartiet vedtek mykje god politikk på miljø, slik at valet i 2013 blir eit miljøval. På aksjonen fekk me mange gode tilbakemeldingar frå politikarane, men gode tilbakemeldingar held ikkje; vi vil ha konkrete vedtak! avsluttar Anja Reknes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.