
Interaktiv dokumentar om Lofoten, Vesterålen og Senja
På nettsida lovese.org kan du sjå den interaktive dokumentaren LoVeSe Drillling. I løpet av ti episodar vil den vise kampen mot oljeverksemd i eit av dei mest sårbare og verdifulle havområda i verda.
Over heile verda kjempar lokalsamfunn mot olje,- gass og kolprosjekt. I Norge har debatten om oljeverksemd i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja pågått i fleire tiår. I 2017 er det stortingsval, og igjen står skjebnen til desse havområda på spel.
Dokumentaren LoVeSe Drilling tar for seg kampen for desse områda i ti episodar. Kombinert med episodane vil det vere interaktive bilete og kart.
Sjekk ut den LoVeSe Drilling her: https://www.lovese.org/