Støtt arbeidet vårt for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja
Støtt arbeidet vårt for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Støtt arbeidet for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

24.03.2017 av Gaute Eiterjord

I år skal nok ein gong slaget om Lofoten, Vesterålen og Senja avgjerast. Vi jobbar knallhardt kvar dag for å halde desse områda oljefrie, men for å vinne saka treng vi di støtte! Her finn du måtar du kan støtte arbeidet vårt på.

Oljeindustrien er Norges største forureinar og vil stadig inn i sårbare havområde. Natur og Ungdom er ei kritisk røyst til Norges mektigste industri, og har ikkje alltid lett for å få pengestøtte til dette frå myndigheitene.

Derfor treng vi DITT bidrag for å kunne kjempe for fisk og fornybare næringar og mot farlege klimaendringar. I året som kjem har vi mange prosjekt som treng støtte for å bli gjennomført, og all støtte vi kan få frå privatpersonar er avgjerande.

Slik kan du støtte arbeidet vårt:

1. Støtt oss på SMS

Send «NU LOFOTEN» og ønsket beløp (100, 250 eller 500) på SMS til telefonnummer 2377 og telefonrekninga di vil bli belasta med beløpet.

2. Støtt oss på Vipps

Send valfritt beløp på Vipss til nummer 66666. Merk betalinga med «Oljefritt LoVeSe»

3. Overfør til kontonummer

Kontonummeret vårt er 5010 05 87154. Merk betalinga med «Oljefritt LoVeSe»

Kva går pengane til?

Pengane går til arbeid for å sikre eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, til å snu Arbeiderpartiet i saka og til å reise rundt og spreie informasjon. Natur og Ungdom skal i år gjennomføre mange aktivitetar og prosjekt i kampen for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Mellom anna skal vi arrangere

  • Sommarleir i Lofoten, for over 400 ungdommar frå heile landet. Leiren skal løfte dette til å bli den aller viktigste saka i valkampen til hausten!
  • Folkefest på Youngstorget i høve Arbeiderpartiets landsmøte 22. april. Her skal vi legge stort press på Norges største parti for at dei skal snu i saka ved å vise fram alt det flotte Lofoten, Vesterålen og Senja gir oss i dag av sjømat, natur og friluftsliv.
  • Tokt for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja: I sommar skal vi reise gjennom Nord-Norge for å sette fokus på saka med stand på festivalar, markeringar og møte med næringsliv og politikarar. Dette er viktig for å informere om saka og skulere våre lokale aktivistar.