Oljesøl i Alnaelva. Foto Gaute Eiterjord/Natur og Ungdom
Oljesøl i Alnaelva. Foto Gaute Eiterjord/Natur og Ungdom

Oljeutslepp i Alnaelva og Oslofjorden

31.05.2018 av Gaute Eiterjord

Oslo Sporveier stod 30. mai for eit utslepp av minst 35 000 liter olje i Alnaelva som har spreidd seg til Oslofjorden. Natur og Ungdom reagerer på at dette kunne skje og etterlyser tiltak.

30. mai i 15-tida skjedde det eit utslepp av fyringsolje då dei to underleverandørane TT-teknikk og Norsk spesialolje AS skulle fjerne olja frå oljetankane til Oslo Sporveier. Det er anslått at mellom 20 000 og 80 000 liter olje kan ha lekt ut i Alnaelva og spreidde seg ut i Oslofjorden. Natur og Ungdom reagerer på at dette kunne skje:

– Dette er sånt som ikkje skal skje. Oljesøl er giftig for naturen og også mennesker kan ta skade av det. Det er kritikkverdig at Oslo Sporveier og underleverandørane har vore så uvøren med handtering av olje at det lakk ut i Alnaelva. Dei må få ei klekkeleg bot, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.

Det har vore observert oljesøl i Oslofjorden i dag. Nært utløpet av Alnaelva ligg Bleikøya, som er eit svært viktig hekkeområde for sjøfugl.

– Sjøfugl er ekstra sårbare i hekketida. Oljesøl kan øydelegge isolasjonen i fjørdrakta og gjere det vanskeleg å halde på varmen. Sjøfuglar er avhengig av å vere i vatnet for å finne mat, og kan derfor også få i seg giftig olje, seier Eiterjord.

Brannvesenet har lagt ut lenser i Kongshavn der Alnaelva spring ut i Oslofjorden og har torsdag ettermiddag samla opp minst 35 000 liter olje. Dei trur det kan vere meir.

Natur og Ungdom meiner det nå må kome på plass tiltak som hindrar at noko sånt kan skje igjen.

– Det må bli forbode å oppbevare olje i nærleiken av elver, sjøer og vatn. Denne saka viser og kor viktig det er å få slutt på oljefyringa. Me forventar at politikarane får fortgang i arbeidet med å gjennomføre forbodet mot oljefyring, seier Eiterjord.

Det blei lagt ut lenser ved Sørenga sjøbad onsdag kveld for å hindre at oljesølet . Foto Gaute Eiterjord/Natur og Ungdom