Skreifeske førr framtida

Natur og Ungdom inviterer til Skreifesk førr framtida på Røst for å lære om betydninga av fiskeriet og oljemotstand. Kva tenker lokalbefolkninga på Røst om at Arbeiderpartiet ønsker å opne området der dei bur for oljeboring? Bli med og lær om viktigheita av skreifisket i Lofoten og korleis oljeverksemd potensielt vil kunne påverke kystsamfunnet.

Utanfor øya Røst i Lofoten gyter verdas største torskestamme. Kvart år frå januar til april, kjem skreien på vandring frå Barentshavet til Norskekysten. I denne perioden blir folketalet på Røst dobla. For folket som bur her er skreien heilt fundamental. Det er vanskeleg å leve på Røst utan fisken.

Dette området er eit av dei mest sårbare havområda vi har i Noreg. Røstrevet er verdas største kaldevasskoralrev og fuglefjella husar bland lomvi, lunde og krykkje, nesten 20 prosent av dei hekkande sjøfuglane i landet. Havområdet er gyteområdet for dei tre viktigaste kommersielle bestandane for kystfiskarar i Nord-Norge, torsk, hyse og sei. Bland desse er skreien sjølve grunnmuren.

Under havoverflata gøymer det seg enda ein rikdom. Denne kan ein ikkje sjå ved det blotte auge, for denne rikdommen ligg langt under havbotnen. Om det var opp til folket på Røst ville det bli slik, men dei tre største partia i landet har gått inn for å opne dette området for oljeboring. Dette til tross for stor folkeleg motstand frå store delar av landet.

16. – 19. mars arrangerer Natur og Ungdom Skreifesk førr framtida på Røst for at vi skal bli kjend med fiskarane og folket som bur der. Kva er deira tankar om det å leve av og med havet, og om trusselen om oljeboring som stadig ligg over dei. Er du mellom 16 og 26 år og interessert i fiskeri? Er du interessert i å jobbe med formidling av informasjon? Då er dette eit perfekt høve for å få møte dei som står nærast kampen for eit oljefritt Lofoten!