Gå til innhold

Årsmøte i Rogaland NU

Natur og Ungdom < Arrangement < Årsmøte i Rogaland NU

Velkommen til årsmøte i Rogaland NU!

Det er duka for årsmøte i Rogaland Natur og Ungdom, laurdag 2. november. Møtet blir på Metropolis i Stavanger, frå klokka 13 – ca. 16.

Alle medlem i fylket er invitert, og det er sjølvsagt HEILT GRATIS!

På årsmøtet skal vi finne ut kva fylkeslaget skal jobbe med det komande året. Skal Rogaland NU jobbe for å få fleire lokallag, mindre motorveg, ein rettferdig omstilling frå åljå og alt det der? Skal dei sprenge noko? Dette er det opp til årsmøtet å bestemme.

Årsmøtet vel og fylkesstyret for neste år. Fylkesstyret kan hjelpe til med å starte nye lokallag i fylket, og jobbar politisk og organisatorisk med heile regionen. Dei bestemmer sjølv kor ofte dei vil møtast, og kor mykje dei vil gjere. Du kan vere med i fylkesstyret om du er ny eller gamal i NU, med eller utan lokallagserfaring.

Vil du stille til fylkesstyret, eller høyre meir om det? Ta kontakt med Ada (40672880) eller Agnes (98082182)!

 

Denne sida vil bli oppdatert med sakspapir.

Bli med!

Meld deg på i skjemaet under!

Jente i blå genser som smiler foran en murvegg

Ada Amilia Skjensvold

Sentralstyremedlem
406 72 880

Jobber med hav. Følger opp Rogaland NU.

Agnes Mathilde Granli Lægreid

Regionssekretær for Rogaland, Trøndelag og Østfold
980 82 182