Fire jenter i russedress, framfor eit gult hus der det står "Vestre: Redd Førdefjorden" på veggen.

Miljøruss

Er du lei av at feiringa av fullført skulegang er drive av store, griske pengeselskap som tener på unges sårbarheit? Da bør du bli miljøruss!

Som miljøruss er du med å fremje ein meir miljøvenleg russetid.

Som russ får ein tilbod, produkt og forventingar pressa på seg. Kjøpepresset er enormt, for ein fest som er så kort. Vil du vere ein motpol til kjøpefesten av ein russedress, der det er forventa at alle skal kjøpe glitter-uggs, gruppeparkas, og minstepakka med russekort inneheld fleire enn du nokonsinne klarer å bli kvitt?

Bli miljøruss!

Som miljøruss kan du få eit strykemerke i posten, så du kan vise heile verda at du er miljøruss.

Registrer deg i dette skjemaet:

Jente i raud russedress med ein handplakat der det står "Legg kunnskap til grunn, ingen gruvedrift på bunn!"
Tre jenter i russedress klatrar over eit gjerde.

Finn inspirasjon

Kva kan du gjere for at russetida skal bli meir miljøvennleg?

På instagram kan du få inspirasjon frå andre miljøruss! Har du eit miljørussetips du vil dele? Send det inn til oss på instagram!

Strykemerke

Miljøruss-logoen: jordklode med oljesøl, på grøn bakgrunn.