
Natur og Ungdom for regulert turisme
Natur og Ungdom samla til sitt landsstyre, samlet til møte 8. januar 2025 krev at Noreg sett strengare rammer for turisme.
Turisme har hatt ei eksponensiell auke dei siste åra Naturen og lokalbefolkinga på dei råka stadene har ikkje lenger kapasitet til å ta imot alle turistane. Verdifulle naturområde blir tråkka ned og forsøpla av turistar I tillegg blir verdifull natur bygd ned til fordel for infrastruktur som skal ta imot turistar.
I 2019 var det sloppe ut 3.7 millioner tonn CO2 frå reiselivet i Noreg. Flyreiser er ein stor bidragsytar til dette talet. Det vert stadig fleire flyruter til Noreg som berre er retta mot turistar, i tillegg blir det stadig vanlegare med cruiseturisme og andre miljøfiendtlege former for luksusturisme. Dette er unødvendige utslepp, ettersom dei legg att minimalt med pengar til lokalsamfunna dei råkar.
Årsaka til denne turismen er, i tillegg til vår vakre natur, den aggressive reklamedrifta selskap som Visit Norway driv. Noreg vert framstilt som eit paradis for turistar og dei ulike turistnæringane i landet byggjer opp om dette med dei grenselause tilboda sine. I tillegg bruker mange av turistselskapene samisk kultur på en uetisk måte for å oppnå profitt.
Natur og Ungdom sitt landsstyre 8. januar 2025 krev difor at Noreg sett strengare rammer for turisme, gjennom å:
- Sette strengare krav til turistbyråa
- Regulere og avgrensar reklame for norsk natur
- Informere betre og regulera turistar sin ferdsel i norsk natur
- Informere betre om samisk kultur
- Avgrense mengda turistaktivitetar som kan føregå på same område samstundes
- Avgrensar turistaktivitetar i verdifull natur
- Forby cruiseskip
- Ikkje oppretta nye flyruter med turistar som målgruppe