Natur og Ungdom i solidaritet med Palestina
Natur og Ungdom, samla til sitt 60. ordinære landsmøte 5.-8. januar 2025, står i solidaritet med det palestinske folk, og krev at Noreg trekk sine investeringar ut av selskap som er kopla til eller bidreg til folkerettsbrot.
Eit døme på ei norsk investering i folkerettsbrot er Equinor sitt Rosebank-felt. Det planlagte oljefeltet i Storbritannia, som den norske stat gjennom sin rolle som majoritetseigar i Equinor er ansvarleg for, er svært kontroversielt. For tida behandlast søksmålet mot feltet i det britiske rettssystemet.
Viss prosjektet byggast ut, vil olja og gassen frå feltet føre til meir CO2-utslepp enn dei samla årlege utsleppa frå verdas 28 lavinntektsland. I tillegg kan meir enn 6 milliardar norske kroner ende hjå Delek Group, eit selskap svartelista av FN, som opererer på okkuperte palestinske områder.
Bak Rosebank-feltet står Equinorsaman med Ithaca Energy. Ithaca Energy er eit dotterselskap av det israelske Delek Group, og fungerer som deira internasjonale arm.
Delek Group er eit israelsk selskap som bidreg til okkupasjonen og folkerettsbrot ved å utvinna naturressursar som tilhøyrer palestinarar.
Store delar av internasjonal klimarørsle, inkludert CAN International (ClimateAction Network), som Natur og Ungdom er medlem av, kom med eit fråsegn våren 2024 som mellom anna sa:
There is no climate justice without human rights. We will not be silent in the face of an unfolding genocide. CAN, as a network in over 130 countries, joins all those who are standing in solidarity with the Palestinian people, and calling for justice and peace.
Klimakampen og kampen for rettferd kan ikkjesnakkast om separat.
Vi ønskjer å avsløre den enorme grøvaskingskampanjen til Equinor, både her heime og i utlandet. Rosebank-feltet er katastrofalt, både for miljø og menneskrettar.
Natur og Ungdom stiller seg bak det store norske og internasjonale sivilsamfunnet, som det siste året har organisert seg for våpenkvile og ein slutt på det pågåande folkemordet i Palestina. Vi stillar oss saman med denne globale rørsla for rettferd!
Natur og Ungdom, samla til sitt 60. ordinære landsmøte 5.-8. januar 2025, står i solidaritet med det palestinske folk, og krev at Noreg trekk sine investeringar ut av selskap som er kopla til eller bidreg til folkerettsbrot.