Nei til gondolprosjektet på Sulafjellet
Utbygginga av Sula Gondol legg beslag på verdifulle fjellhei- og myrområde. Meir heilårleg ferdsle, og ny type ferdsle vil gje slitasje på vegetasjonen og økt forstyrring av dyrelivet. Rådgivende biologer AS la i september 2022 fram ei konsekvensutgreiing der det kjem fram at “tiltaket vil medføre betydelig miljøskade for flere av de største delområdene”. Til dømes vil delområdet Gamlestølen, som er av den sterkt truga naturtypen atlantisk høgmyr, bli utsett for alvorlege miljøskadar.
FN sitt klimapanel har slått fast at vi er avhengige av å stanse rovdrifta på naturen og verne 30-50% av jordas land-, ferskvatns- og havområde for å sikre robuste økosystem og naturmangfald. Ved Naturtoppmøtet i desember 2022 vart det sett mål om å verne 30% av landjorda i verda. Når hovudårsaka til at naturmangfaldet forsvinn er arealendringar, er det gale å byggje gondolbane på Sulafjellet.
Natur og Ungdom ynskjer at naturen skal kome alle til gode og at ein skal kunne bruke han til rekreasjon og friluftsliv. Sulafjellet er allereie eit lett tilgjengeleg fjell kor ein varsamt kan ferdast i naturen. Det gjer dette naturinngrepet ytterlegare unaudsynleg. Alpintraséar, bistro og restaurant vil hemme den tradisjonelle bruken av fjellet.
Ved å byggje gondolbane, oppnår ein i beste fall å gjere naturen ein øydelegg meir tilgjengeleg. Natur og Ungdom samla til landsmøte i Fredrikstad 5.-8. januar 2023 krev at prosjektet “Sula Gondol” aldri må sjå dagens ljos.