Uttalelser
Uttalelser

Stopp planane om Glacier gondol

Natur og Ungdom, samla til landsstyremøte 8.-9. februar krev at planane om Glacier gondol skrinleggjast.

Inst i Kjøsnesfjorden i Jølster planleggjast ein gondol, som vil få store konsekvensar for landskapet, friluftslivet og naturen rundt Jostedalsbreen nasjonalpark. Planane omfattar eit anlegg med mål om 75 000 årlege turistar. Vegg i vegg med nasjonalparken, heim til fleire sjeldne plante- og dyreartar, som til dømes gaupe, jerv, villrein og diverse sjeldne fugleartar.

Konsekvensutgreiinga for naturmangfald baserer seg på eksisterande data og ein dag med feltarbeid. Dette er eit altfor tynt grunnlag til at det er forsvarleg å byggje i eit så sårbart område. I tillegg vil masseturisme i fjellheimenpotensielt føre til forsøpling og lyd- og lysforureining.Noko som vil få konsekvensar innanfor nasjonalparkgrensa.

Gondolen må sjåast i ein større samanheng. Arealnedbygging er ein stor trussel mot det biologiske mangfaldet og den attverande villmarka i Noreg. Vi har forplikta oss til naturavtalen, å verne 30% av all natur innan 2030. Då er endå ein gondol heilt feil prioritering. Spesielt sidan det allereie er andre gondolar i nærleiken, og prosjektet først og fremst er meint for å skape profitt. Vi meiner Sunnfjord kommune heller burde satse på å utvikle berekraftig og omsynsfull turisme, som ikkje byggjer ned natur i eit forsøk på å vise den fram.

Utbyggjarane prøver å grønvaske gondolen med design som skal «gå i eitt med landskapet» og eit klimaklasserom i botnstasjonen. Sanninga er at ein gondol som baserer seg på masseturisme ved grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark aldri vil bli berekraftig.Poenget med nasjonalparken er å beskytte sårbar natur mot slike utbyggingar. Men sidan toppstasjonen ligg akkurat utanfor nasjonalparkgrensa, er det likevel fare for at prosjektet blir realisert.

Verken ein gondol eller 75 000 årlege turistar høyrer heime i fjella rett ved ein nasjonalpark, ein isbre og eit villreinområde. Sunnfjord kommune må ta ansvar og stoppe utbygginga før det er for seint. Natur og Ungdom, samla til landsstyremøte 8.-9.februar krev at planane om Glacier gondol skrinleggjast.