Várjal Rávdnjemuotkki! - Bevar Finnheia!
Natur og Ungdom, samla til sitt 60. ordinære landsmøte den 4. - 8. januar 2025, krev at prosjektet Arctic Center blir skrinlagd.
I førti år har selskapet Arctic Center AS jobba med å få løyve til å byggje eit alpinanlegg på Finnheia. Prosjektet inneber eit høgfjellshotell, ein hyttelandsby, ein alpinbakke og ein parkeringsplass til 400 bilar. Totalt vil heile prosjektet dekkje nesten 8000 mål. Konsekvensane av dette vil vere enorme og irreversible.
Reindrifta i området vil bli hardt råka av ei eventuell utbyggjing. Dette vil påverke både driftseiningane i Sállir/Kvaløya reinbeitedistrikt. Dei har uttalt at dei ikkje har blitt tilstrekkeleg konsultert i planprosessen. Denne mangelen på involvering av dei som blir råka hardast fører til inngrep som forstyrrar retten deira til kulturutøving. Det er òg fleire gardar i området som mister delar av beiteområda sine, eller får sine påverka grunna utbyggjinga. Dette hender på Sállir, ei øy som allereie er råka av fleire utbyggjingar, og både reindrift og gardsdrift er sterkt pressa.
Senteret vil byggje tett på verna samiske kulturminne og beiteområde. Utbyggjarane rettferdiggjer dette ved å marknadsføre kulturminna som turistattraksjonar. Dette er umoralsk og er ei form for moderne kolonialisme.
Ein stor del av området som vil råkast er torvmyr, som vil sleppe ut store mengder klimagassar ved ei eventuell utbyggjing. Det er viktig å ta vare på torvmyra, fordi myra er eit viktig CO2-lager.
Prosjektet vil ikkje dekkje nokon av behova til innbyggjarane i Tromsø. Senteret vil liggje 40 minutt unna eit allereie eksisterande anlegg, og alpintmiljøet i Tromsø har uttalt at behovet for eit nytt anlegg ikkje er naudsynt.
På Arctic Center si nettside skildrar dei at dei vil satse på å tilby anlegget til alle 100 000 innbyggarane i Tromsøregionen. I heile regionen er det allereie tre anlegg med stor kapasitet, dette vil seie at senteret vil i hovudsak takast i bruk av turistar. Samstundes blir prosjektet marknadsført til bruk både på vinteren og sumaren, trass at dei berre har fått løyve til vinterdrift.
Finnheia er eit kjært område for lokalbefolkinga, dei nyttar områda til friluftsaktivitetar og lågterskel ferdsel i naturen. Arctic Center vil ha store konsekvensar for samisk kulturutøving, miljø og lokalbefolkinga.
Natur og Ungdom, samla til sitt 60. ordinære landsmøte den 4. - 8. januar 2025 krev, at prosjektet Arctic Center blir skrinlagd.