Vil de kaste dei unge ut av fylket?
Natur og Ungdom samla til sitt 60. ordinære landsmøte 5.-8. januar 2025, krev at kollektivtilbodet for unge i Møre og Romsdal skal gjerast rimelegare.
I Møre og Romsdal har vi lengje hatt kollektivtilbodetFRAM ung –eit månedskort som gjeld buss, ferje og hurtigbåt. Dette tilbodet har voreeittilbod for unge opp til 26 år. No har deiauka prisen frå 450 kr til 500 kr i månaden, og senka aldersgrensa frå 26 til 20 år. Dette vil med andre ord tyde at færre unge får tilgang til dette tilbodet, noko som blant anna råkarstudentarmellom 20 og 26 år. Dei studentane som tidlegare har betalt 450 kr må no betale 712 kr i månaden. Unge mellom 20 og 26 år som ikkje er studentar må no betale for vaksenbillett dersom dei skal ha same tilbodet som tidlegare. Dette kostar 2286 kr meir, totalt 2736 kr i månaden.
Møre og Romsdal har lenge hatt eitkollektivtilbod som var skapt for at ungdom kunne reise berekraftigutan at det skulle vereeinhøgare kostnad enn bilkøyring. Med noverandeprisar vil mange unge heller bruke bil som transportmiddel. Natur og Ungdom meiner at det mest miljøvenlege burde vere det rimelegaste.
I tillegg vil dette gjere det å busetje seg i fylket mindre attraktivt for studentar og unge vaksne. Ikkjeberre har prisane blitt sett opp, men når aldersgrensa senkastfrå 26 til 20 år, blir tilbodetutilgjengeleg for unge som ikkje studerer.
Natur og Ungdom samla til sitt 60. ordinære landsmøte 5.-8. januar 2025, krev at kollektivtilbodet for unge i Møre og Romsdal skal gjerastrimelegare