Hammarslag for framtida

28. juli til 4. august 2025
Eidsvoll bygdetun
Bildet viser ei gruppe ungdommar framfor eit hus. Over bildet er teksten "Hammarslag for framtida".

Om arrangementet

28. juli - 4. august kan du lære om handverk og natur på Eidsvoll bygdetun.

I løpet av veka får du prøve deg på ulike handverksteknikkar, som maling og koking av maling, snikring, høvling og handtering av verktøy.

I tillegg skal vi på skogsutflukt, få besøk av unge og gamle handverkarar og miljøvernarar som kan lære oss litt av kvart!

Program

På starten av arrangementet blir deltakarane delt i arbeidslag på 4-5 personar.

Desse gruppene skal arbeide saman i løpet av arrangementet.

Kvar dag er delt i to arbeidsøkter, ei på formiddagen, og ei på ettermiddagen. Kvar økt blir rettleia av ein handverksinstruktør. Gruppene rullerer, så alle før prøve seg på dei ulike tinga.

Ein av dagane skal alle saman på skogstur. På turen får vi lære om berekraftig skogbruk og materiale.

Men Hammarslag for framtida er sjølvsagt ikkje berre arbeid!

Etter arbeidsøktene er det fritid, der vi enten har sosialt opplegg, eller berre fri fritid. Har du forslag til hyggelege ting vi kan gjere saman? Skriv det gjerne i påmeldingsskjemaet!

Vi lagar og et frukost, formiddagsmat, middag og kveldsmat saman alle dagar. Dette er sjølvsagt inkludert i deltakaravgifta! (100kr)

Praktisk informasjon

Agnes smiler foran en murvegg

Agnes Mathilde Granli Lægreid

Sentralstyremedlem med ansvar for Hammarslag for framtida.

Portrett av Isak

Isak Gregers Eriksen

Fylkesleder for Akershus, Buskerud og Østfold NU

Portrett av Iana - Jente med blondt hår i forgrunnen, skog i bakrunnen

Iana Brækhus-Kummen

Landsstyrerepresentant for Akershus, Buskerud, og Østfold