
Hammarslag for framtida
Visste du at det står over 200.000 tomme hus i Noreg? Samstundes bygger vi ned naturen, bit for bit, for å få plass til fleire. Nye hus er ikkje bygga for å vare evig, men det er dei gamle. Veit du korleis du skal vedlikehalde eller sette i stand eit gammalt bygg?
Om prosjektet
“Å restaurere eit gammalt hus gjev mindre utslepp enn å bygge eit nytt”, kunne generalsekretær i Fortidsminneforeininga, Ola Fjeldheim fortelje deltakarane på Hammarslag for framtida i fjor sommar.
Å bygge nye hus fører med seg mykje utslepp når byggemateriala blir produsert og frakta til byggeplassen. I tillegg må plassen ryddast og gjerast klar, og da forsvinn naturen.
Hus bygga etter dagens standard, er ikkje laga for å bli reparerte.
Gamle hus er bygga for å vare.
Men kunnskapen om korleis vi kan bruke dei lengst mogleg, er i ferd med å forvitre.
Vil du og lære å reparere?
Bli med å slå eit Hammarslag for framtida!
Bli med!
Vil du vere med å slå eit hammarslag for framtida?
Arrangementet er ein introduksjon til bygningsvern og handverksteknikkar, og passar for deg som kan litt, og deg som aldri har tatt i ein hammar før.
Ungdom mellom 15 og 25 år frå heile landet kan vere med. Deltakaravgifta er 100 kr. Dette dekker overnatting og mat for heile arrangementet. Medlem av Natur og Ungdom får i tillegg dekka reise til og frå Hammarslag for framtida i Eidsvoll.
Påmeldinga opnar 1. mars.
Hammarslag for framtida i Rollag
I 2024 gjenomførte vi prosjektet for første gong, saman med Lys i gamle hus og Fortidsminneforeininga sitt lokallag for Konsberg og Numedal.
Følg med!
Kontaktpersoner:
Ta kontakt med oss om du lurer på noko om prosjektet eller gjennomføringa av Hammarslag for framtida!

