
Markering for Førdefjorden 22. og 24. mai
I desember varsla Nordic Mining oppstart i gruveprosjektet i Vevring. Trass i at saka framleis ikkje er rettsleg avklart, vil selskapet starte drifta, og gjere uopprettelege skader på Førdefjorden. Men kampen for ein rein og levande Førdefjord er ikkje tapt! Bli med til Vevring og marker din motstand mot gruvedumpinga.
Derfor aksjonerer vi
Gruveselskapet Nordic Mining inviterer politikarar og presse til å sjå på anlegget, og høyre om gruveprosjektet på Engebø. Dei reklamerer for at prosjektet er berekraftig, og ledande innan det grøne skiftet.
I 2022 fekk gruveselskapet endeleg løyve til å starte gruveanlegg i Vevring, og dumpe opp mot 170.000.000 tonn med giftig gruveslam i Førdefjorden. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet saksøkte staten for denne avgjersla: Dumping av gruveavfall i sjø burde ha vore forbode.
Nordic Mining varsla oppstart av gruveanlegget like før jul i 2024. Retten har framleis ikkje avgjort om gruveanlegget er lovleg, men gruveselskapet har likevel lov til starte opp gruva og deponi, og gjere irreversible skader på fjorden og naturen.

Vil du vere med?
22. og 24. mai har Nordic Mining invitert politikarar og presse til å sjå på anlegget, og høyre om Engebøprosjektet. Prosjektet der gruveselskapet skal drive ope dagbrot i Engøfjellet, og kvele fjorden med giftig gruveslam.
22. mai inviterer vi deg som er for ein levande Førdefjord til ei lovleg og fredeleg markering mot dumpinga i fjorden. Aksjonen skjer i og ved fjorden.
24. mai er du invitert til markering, etterfulgt av fest for Førdefjorden i Myraløa, med mat, kampand og musikk.
I påmeldingsskjemaet kan du huke av for om du vil vere med på ein av, eller båe, markeringene.
Praktisk informasjon
Denne markeringa er todelt: Markering for fjorden torsdag 22. mai klokka 10, og markering og fest for fjorden laurdag 24. mai. Båe markeringene er lovlege aksjonar. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt.
Meir om saka

Sjødeponi
Norge er et av to land i verden som fortsatt tillater sjødeponi - at gruveavfall fra gruver på land dumpes i sjøen. Dette er svært ødeleggende for livet i fjordene våre, og for de som lever rundt den.
--e Les mer

Førdefjorden
I Førdefjorden har selskapet Nordic Mining fått tillatelse til å dumpe 170 millioner tonn gruveavfall i Førdefjorden i Sunnfjord kommune. Dette mener vi er ulovlig. Derfor saksøker vi staten sammen med Naturvernforbundet!
--e Les mer

Seier i EFTA-domstolen!
--e Les mer
Lurer du på noko?
Ta kontakt med havgruppa!




